Dei norske speidarforbunda er klare for sin første felles landsleir
På laurdag byrjar landsleiren til speidarane. Dette er første gongen at KFUK-KFUM-Speiderne og Norges Speiderforbund går saman om ein felles landsleir. Det er venta at speidarar frå heile landet skal delta.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Frå 5. til 12. juli skal tusenvis av speidarar frå inn- og utland sette opp telt på Gjøvik. Speidernes landsleir 2025 er den første landsleiren der begge speidarforbunda i Noreg er samla.
– Det blir litt som «best of both worlds», fortel Regine Skogmo Grøtte til Nynorsk pressekontor om årets landsleir.
Ho er kommunikasjonsleiar for leiren, men har òg vore aktiv speidar sjølv i 13 år i Norges Speiderforbund.
Fakta: Speidarforbund i Noreg Norges Speiderforbund
- Cirka 18.000 medlemmer.
- 300 speidargrupper.
- Oppretta i 1978 etter samanslåinga av Norsk Speiderpikeforbund og Norsk Speiderguttforbund.
(Kjelde: Norges Speiderforbund)
I ei heil veke skal over 10.000 speidarar frå 30 land slå leir i Gjøvik og hygge seg rundt leirbålet, få nye venner og skape gode minne. Mottoet for å leiren er «På eventyr!», som handlar om å tørre å gå utanfor komfortsona og utforske naturen. Deltakarane kjem først og fremst frå Noreg, men òg frå land som Japan, USA, Australia og Etiopia.
Landsleir
- Blir arrangert kvart fjerde år.
- Det har vore arrangert cirka 70 landsleiarar i Noreg sidan den første i 1914.
- Årets leir finn stad 5.–12. juli ved Vind GOBB Arena i Gjøvik.
- Det er venta 10.300 deltakarar frå heile landet, inkludert internasjonale speidarar frå 30 ulike land.
(Kjelde: landsleir.no)
Første landsleir saman
– Tidlegare har dei to speidarforbunda arrangert landsleirar kvar for seg, men no tenkte vi det var på tide å gå saman og arrangere ein stor, felles leir, seier Skogmo Grøtte.
Norges Speiderforbund og KFUK-KFUM-Speiderne har til saman over 500 grupper og 26.000 medlemmer over heile landet.
Frå før av har dei samarbeidd på fleire mindre arrangement, som NM i speiding. Landsleiren i år vil vere det førebels mest omfattande samarbeidet mellom dei to forbunda.
Begge rørslene stammar frå same grunnleggjar, britiske Robert Baden-Powell (1857-1941). Baden-Powell arrangerte verdas første speidarleir for over 100 år sidan, i 1907.
I dag er det mykje som er likt for dei to norske speidarrørslene. Hovudskilnaden er at Norges Speiderforbund har eit livssynsnøytralt grunnlag i vedtektene sine, medan KFUK-KFUM-Speiderne er kristeleg forankra.
KFUK-KFUM-speidarane
- Ein av dei største kristne barne- og ungdomsorganisasjonane i Noreg.
- Om lag 250 grupper over heile landet.
- I 2003 slo Norges KFUK-speidere og Norges KFUM-speidere seg saman til Norges KFUK-KFUM-speiderne.
(Kjelde: KFUK-KFUM-speiderne)
– Likevel er det mykje som er likt og vi deler den same kjernen, forklarar Regine Skogmo Grøtte.
Fokus på friluft
– I år er det friluftslivsåret, noko som gjer at vi har valt å legge ekstra vekt på friluftsaspektet ved leiren, fortel ho.
I løpet av leirveka skal speidarane få prøve alt frå praktiske speidarferdigheiter, vere med på konsert og rebusløp. Speidarane har òg ansvar for å setje opp sitt eige leirområde der ein ofte lagar stilige byggverk i naturmateriale som blir tatt ned når veka er over.
For mange er høgdepunktet på leiren haiken. Dette er ein tur der speidarane drar ut i naturen eit døgn utan vaksne leiarar. I mindre grupper navigerer dei med kart og kompass, lagar eigen mat og overnattar ute under open himmel.










