Student vart frikjend for sjølvplagiat – no skal saka opp i Høgsterett
Snart tre år har gått sidan ein student vart teken for sjølvplagiat på ein eksamen ved Høgskolen i Innlandet (HINN). Denne veka skal saka opp i Høgsterett.
Studenten vart utestengd frå høgskulen etter å ha brukt om att to avsnitt frå ein tidlegare eksamen ho hadde stroke på. Etter å ha tapt i tingretten, vart ho frikjend i lagmannsretten. Saka vart deretter anka til Høgsterett av Kunnskapsdepartementet.
Rettssaka, som startar tysdag, vil vare halvannan dag.
Partane er samde om kva som har skjedd, men usamde om det er fusk.
– Eit av Kunnskapsdepartementets poeng vil vere å framheve at skjult gjenbruk er definert som eit tilfelle av fusk i eksamensreglane til Høgskolen i Innlandet, og at ei slik regulering både formelt har heimel i lova og reelt kan ha gode grunnar for seg, seier advokat Erlend Baldersheim hos Regjeringsadvokaten til Khrono.
– Ikkje urettmessig fordel
Forsvararen til studenten, advokat Magnus Stray Vyrje, ønskjer ikkje å kommentere saka før Høgsterett har felt sin dom, ifølgje avisa.
Han er likevel tydeleg i sluttinnlegget sitt på at studenten ikkje har fuska. Han grunngir det med at handlinga ikkje gav studenten ein urettmessig fordel.