Thea (20) har sagt opp studenthybelen – først om to månadar kan nokon andre få han

Sjølv med tusenvis av studentar i bustadkø må Thea Emilie Maubach-Vindenes venta to månadar før ho får flytta ut av studenthybelen i Oslo. 

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– I mitt hovud gjev det ikkje meining når ein veit at det framleis er studentar som skulle ynskja dei hadde ein stad å bu, seier Thea Emilie Maubach-Vindenes.

Flyttar inn med kjærasten

29. august sa ho opp studenthybelen på Grünerløkka studenthus ved Akerselva i Oslo for å flytte saman med kjærasten. Då hadde ho berre hatt studentbustaden i rett under to månadar.

– Me har vore saman i to år og fann ut at det passa og gjekk, og det er jo ei økonomisk avgjerd når ein er student, forklarar 20-åringen.

Heldigvis krev ikkje kjærasten leige medan ho framleis betalar 9300 kroner i leige for studenthybelen. Då reknar ho med at det hadde blitt leigeutgifter på rundt 14 000 kroner, som er meir enn studielånet.

Over 2000 i kø

2197 studentar stod framleis i kø for å få bustad gjennom Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) den 2. september.

Allereie før ho sa opp undersøkte ho moglegheita for å korta ned oppseiingstida, slik at ein ny student kan ta over. Då fekk ho til svar at det ikkje er mogleg.

Sidan ho sa opp før 1. september og har to månadars oppseiingstid, betyr det at ingen kan få hybelen til Maubach-Vindenes før 31. oktober.

– Det er ein heil del eg veit om som framleis slit eller fyrst no har byrja å få litt napp, men som fyrst har måtta sova hjå familie og liknande. Så det er framleis eit problem, understrekar 20-åringen.

Tidleg ute

Sjølv søkte ho om studentbustad allereie i desember, for å sikra seg plass.

– Det er jo eit veldig klart stressmoment. I alle fall når ein veit situasjonen: At det er for få bustadar og prisane er skyhøge.

20-åringen er ein av dei heldige som fekk plass både på studiet og i studentbustaden. 1. juli i år tok ho over studenthybelen på 29 kvadratmeter og 20. juli fekk ho positivt svar på søknaden via Samordna opptak.

– Det er jo mange som ikkje veit kor dei kjem til å enda opp med å studera før dei får svaret. Og då er det jo tilnærma umogleg.

Kan framleiga

Studentsamskipnaden i Oslo tillèt framleige av studenthyblar, men Maubach-Vindenes meiner at to månadars framleige er ei mager trøyst for ein student i bustadkø.

– Eg vurderte å leggja ut ein annonse på Finn.no, men etter å ha lese regelverket fann eg ut at då er det eg som står ansvarleg som utleigar. Det er jo endå eit stressmoment om ein skal leiga ut til framande. I tillegg er det jo veldig strenge rettesnorer for kven ein kan leige ut til. Dei skal vera student i Oslo og ha betalt semesteravgift.

NSO: – Bør vera fleksible

Leiar i Norsk Studentorganisasjon Kaja Ingdal Hovdenak viser til at 4771 studentar framleis stod i bustadkø landet over i starten av september.

– Når det er så stor etterspurnad etter studentbustadar så bør samskipnadane vera fleksible og prøva å tilby kortare utflyttingstid. Då kan studenten unngå dobbel leige utan at samskipnaden går i tap. Det ein vinn-vinn-situasjon, både for den studenten som flyttar ut og den som får plass, seier Hovdenak på telefon til Framtida.no.

Kaja Hovdenak er leiar i Norsk studentorganisasjon. | Foto: NSO

Ho meiner det er ei utfordring at studentane får svar på Samordna opptak så seint at dei er nøydde å skaffa seg bustad før dei veit om dei kjem inn der dei har søkt.

– Me veit mange samskipnadar har fleksible og gode løysingar der ein kan trekkja seg inntil kort tid før studiestart. Dette er ei endå større utfordring på den private leigemarknaden, og me veit at dei fleste bur privat.

SiO: – Håpar på forståing

Bustaddirektør i SiO, Henrik Graarud, har stor sympati for situasjonen.

– Samstundes er det dessverre slik at det tek litt tid å få på plass ein ny leigetakar sjølv om me enno har noko venteliste etter studiestart. Mange av dei som er igjen på ventelista no har søkt på spesifikke bustadtypar dei er interessert i. Om det blir ein annan bustad ledig er det ikkje alltid det treffer deira behov, svarar han i ein e-post via kommunikasjonsavdelinga.

SiO har gjort fleire tiltak for å korta ned køane med raskare overtaking, men desse er først og fremst i tida opp mot studiestart.

Bustaddirektør i SiO, Henrik Graarud.

– Frå 15. juli til 15. august har vi kortare oppseiing, noko som gjev stor fleksibilitet for våre leigetakarar. Dei lengste bustadkøane er fram til studiestart 15. august, og det er bakgrunnen for dette.

I dette tilfellet er det ikkje like lett å løysa, ifølgje bustaddirektøren.

– Når ein student seier opp sender me tilbod til dei som står øvst på ventelista. Dei har nokon dagars svarfrist, og takkar dei nei går tilbodet til neste på lista. No utover hausten tek det tid å finna ny leigetakar. Me treng difor oppseiingsperioden for å finna ny leietakar, sjølv om det enno er venteliste, og me håpar på forståing for det, forklarar han.