Vekas viktigaste: Streik i Israel, klimasøksmål og gransking av brann
Kollasj av Framtida.no, med Grenfell-tårnet i brann og demonstrasjonar frå Israel og Tyskland. | Foto: Martin Schutt//dpa via AP, AP Photo/Ariel Schalit, Natalie Oxford, CC BY 4.0, via Wikimedia Commons
Har du følgd med på kva som har skjedd? Her er nokre av dei viktigaste nyheitene frå veka som gjekk.
Det var Histradut, ei fagforeining som organiserer 800 000 arbeidstakarar i Israel, som oppmoda til generalstreik for å leggje press på regjeringa. Fleire arbeidsgjevarar gav også streikefri.
Dødsårsaka til dei seks gissela er uklar. Det israelske helsedepartementet seier dei vart skotne på kloss hald. Hamas seier at gissela døydde i eit israelsk luftåtak.
Torsdag var det framleis demonstrasjonar for å få heim gissela.
Dette forslaget inkluderer at Israel skal trekkje seg tilbake frå Philalephi-korridoren, langs grensa mellom Gaza og Egypt. Det har den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu sagt han ikkje vil gå med på.
Israelske demonstrantar i Tel Aviv, onsdag 4. september. | Foto: AP Photo/Ariel Schalit
Ytre høgre-parti gjorde brakval i tysk delstat
Sundag 1. september hadde dei tyske delstatane Sachsen og Thüringen lokalval. Partiet Alternativ für Deutschland (AfD) fekk ein tredjedel av seta i parlamentet i Thüringen, og er dermed det største partiet. Dei fekk også over 30 prosent av seta i Sachsen, men der vart dei ikkje det største partiet.
Dette er fyrste gong sidan andre verdskrig har eit ytre høgre-parti vunne eit delstatsval i Tyskland.
AfD er rekna som eit ekstremistisk parti av den tyske etterretningstenesta, og partileiaren i Thüringen, Björn Höcke, er straffedømt for nazistisk retorikk.
Trass i at dei vart det største partiet, får dei ikkje nødvendigvis styre.
– Framleis seier alle dei andre partia at dei ikkje vil samarbeide med AfD. Korkje i lokalpolitikken eller delstatspolitikken, seier kommentator Astrid Sverresdotter Dypvik til VG.
Utan samarbeidsparti klarer dei ikkje å få 50 prosent av lokalparlamentet som dei treng for å styre. Likevel kan dei få stor innverknad på lovane som blir laga, når dei har ein tredel av seta.
Demonstrasjon mot AfD i Weimar i Tyskland. | Foto: Martin Schutt//dpa via AP
Ungdomsstraff er ei straff for alvorlege lovbrot gjort av dei mellom 15 og 18 år. Ungdommar blir plikta til å følgje ein plan, og møte med styresmaktene. Planen kan involvere ting som skule, arbeid eller andre oppgåver. Om planen ikkje blir følgd kan ungdommen hamne i fengsel.
Dette er nokre av endringane:
Det er ikkje lenger frivillig med ungdomsstraff. Politiet kan hente ungdommar som ikkje følgjer straffa, og det er ikkje krav at føresette samtykker til straffa for ungdomane sine.
Det er mogleg å kombinere ungdomsstraff med fengsel utan vilkår og fotlenke i dei mest alvorlege sakene.
Prosessane rundt skal vere forenkla, blant anna slik ungdomane raskare skal få kome i gang med straffa.
Regjeringa har løyvd 19 millionar kroner i 2024 for å få gjennomført endringane.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (f.v.), arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna og barne- og familieminister Kjersti Toppe i samtale med Knut Storberget. Storberget leia den eine av dei nye ekspertgruppene som utgreia tiltak for barn og unge som begår kriminalitet. | Foto: Regjeringen.no / Justis- og beredskapsdepartementet
Rapport viser at Grenfell-brannen kunne vore hindra
I 2017 brann Grenfell-tårnet i London, og 72 menneske døde. Tårnet var ein bustad for folk med låg inntekt. Årsaka til brannen var blant anna ei svært brennbar kledning på bygget som skulle gjere det meir vasstett.
Denne veka kom rapporten som har granska brannen, og ifølgje BBC er det fleire ting han seier leia til tragedien.
Både private og offentlege aktørar ignorerte eller skjulte kor brennbart kledninga på bygningen var, trass i fleire testar, og også brannar som strekker seg tilbake til 1992. I tillegg førte privatiseringa av The Building Research Establishment (BRE), som skal gi ekspertråd om byggeindustrien til styresmaktene i Storbritannia, til at dei ikkje var så uavhengige som dei burde ha vore. På toppen av dei heile var det fleire kutt i offentlege tenester, som førte til at det naudsynte brannvernet for slike bygg vart nedprioritert i både bygningsarbeid og hjå brannvesenet.
Konklusjonen er at brannen var eit resultat av fleire tiår med feiltak og forsømming frå både styresmakter og private aktørar.
Grenfell-tårnet brann i 2017. Kledninga på bygget gjorde at brannen spreidde seg raskt. | Foto: Natalie Oxford, CC BY 4.0, via Wikimedia Commons
Klimasøksmål har ny runde i retten
Frå 4. til 12. september tek Borgarting lagmannsrett for seg staten si anke av dommen i klimasøksmålet.
I januar slo Oslo tingrett fast at Natur og Ungdom og Greenpeace hadde rett på alle punkt i søksmålet sitt mot staten. Løyve til å byggje ut tre oljefunn var ugyldige, og staten måtte betale erstatning og dekkje sakskostnadane på 3,26 millionar kroner.
No når saka blir anka er det spesielt spørsmål rundt om det er lov å byggje ut og drive oljefelta som står sentralt. Etter dommen vart det eit førebels forbod mot det, men Energidepartementet oppheva forbodet i mai. Eit av oljefelta, Tyrving, starta allereie med utvinning natt til tysdag.
Det er viktig for både miljørørsla og staten å raskt få avklart om dette er lovleg.
Greenpeace og Natur og Ungdom gjekk saman for å saksøke staten. No er dei i ny runde i retten etter Staten anka dommen som kom i januar. | Foto: Jenny Marie Baksaas
✨Vekas lyspunkt✨: DR Kongo fekk vaksinar mot m-koppar
Torsdag kom dei fyrste vaksinane mot m-koppar til Den demokratiske republikken Kongo. Landet har strevd med utbrotet av sjukdommen som Verdas Helseorganisasjon (WHO) har erklært ei global helsekrise.
Det er EU som har donert dei 99 000 vaksinane som kom til hovudstaden Kinshasa klokka 13 lokal tid. Det skal også kome 200 000 dosar til i helga.
No startar arbeidet med å vaksinere vaksne i dei regionane i landet som er mest ramma av sjukdommen.
Styresmaktene sjekkar ein leveranse med vaksinar mot m-koppar på flyplassen i Kinshasa 5. september. | Foto: AP Photo/Samy Ntumba Shambuyi
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.