Klima og miljø

«La oss bruke 1 prosent av Oljefondet!»

I dag investerer Oljefondet i utlandet. Partiet Sentrum vil opprette eit innanlands investeringsfond, som skal investere i fornybar energi og berekraftige næringar i Noreg.

Håvard Røgeberg Magelssen og Simen Bondevik
Leiar Unge Sentrum og sentralstyremedlem Partiet Sentrum
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Redaksjonell opplysing: Statens pensjonskasse utland (SPU) vert ofte kalla Oljefondet. Ifølge Noregs Bank (Investment Mangement) vert Oljefondet berre investert i utlandet for å skjerma norsk fastlandsøkonomi.

Vi er nøydde til å tenkje nytt om korleis vi skal løyse klimakrisa og samtidig dekkje behovet for energi i Noreg, Europa og resten av verda. Det er eit aukande behov for fornybar energi, og vi i Noreg har moglegheita til å ta førarsetet i utviklinga av desse energikjeldene.

Det norske næringslivet sit på ressursane, kompetansen, arbeidskrafta og teknologien som krevst for å gjennomføre det grøne skiftet. For å lukkast, treng vi ein plan som sikrar ei trygg omstilling frå olje- og gassverksemd til fornybar energi. Potensialet som ligg der vil kunne sikre ein berekraftig velferdsstat i lang tid framover, men for å mogleggjere dette trengst det økonomiske musklar.

Vi i Partiet Sentrum har difor eit konkret forslag som vi står åleine om i norsk politikk: Vi vil setje av 1 prosent av Oljefondet til eit innanlands investeringsfond. Dette fondet skal investere i fornybar energi og berekraftige næringar her heime i Noreg.

Å investere no for å skape eit tryggare og meir robust samfunn for framtida vil vere ei av dei mest lønsame investeringane vi kan gjere. For behovet for fornybar energi er og vil halde fram med å vere enormt i verda.

Klimakrisa er vår tids største utfordring, og livsgrunnlaget vårt står på spel. Augeblikket vi er i no, er avgjerande for om vi klarer å unngå dei verste konsekvensane av global oppvarming. Samtidig er energibehovet enormt, både i verda og her heime i Noreg.

Løysinga er todelt: For det første må redusert forbruk og energiøkonomisering vere ein sentral del av vegen framover. Samtidig vil behovet for energi alltid vere der. Dette krev store investeringar, og eit grønt innanlands investeringsfond kan sørgje for nettopp det.

Vi som politikarar har eit viktig val framfor oss: Anten held vi fram som no med ein fossilbasert økonomi eller så må vi satse for å kunne leie an i det grøne skiftet. Ved å løyve 1 prosent av Oljefondet til eit innanlands investeringsfond, vil vi sikre arbeidsplassar, styrkje norsk økonomi og byggje ei berekraftig framtid for komande generasjonar.


Kva meiner du? Send ditt meiningsinnlegg til oss!