Klima og miljø

«Skal barna verkeleg måtte redde verda når politikarane ikkje klarar det?»

Vi har ikkje tid til å vente til vi vert gamle nok til å styre landet, då er det nemleg for seint, derfor må vi bli lytta til no, skriv miljøagent Jakob Sande Haugset (13).

Jakob Sande Haugset (13 år)
Barnas Klimapanel, Miljøagentane
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I slutten av juni samlast 120 barn og ungdom på miljøagentane sin sommarleir rett utanfor Trondheim i Trøndelag.

Vi skal kose oss, bli betre kjent og sist men ikkje minst snakke om korleis vi skal løyse klima- og naturkrisa. For det å løyse klimakrisa og naturkrisa klarar openbert ikkje regjeringa.

Det klarar ikkje dagens regjering, og ingen andre regjeringar har klart det før heller. Så da må vi barn ta ansvar. Det meiner ikkje eg er riktig. Vi 120 barna og ungdomane som reiser på sommarleiren, er berre ein brøkdel av dei over 10 000 medlemane til Miljøagentane. Det er 10 000 barn og unge som tar ansvar når politikarane sviktar. 10 000 barn og unge som gjer den viktige jobben det er å engasjere seg.

Dyr og natur

Tema for årets sommarleir vart stemt fram av oss sjølv på landsmøtet i fjor. Da valde vi saka dyr og natur. Vi i miljøagentane meiner det er viktig at alle har tilgang på nærnatur. Særleg er det viktig at barn kan leike i naturen.

Plast i havet er òg ei sak som engasjerer mange barn og unge. At plast hamnar i naturen og seinare i havet, øydelegg økosystema i havet og drep mange dyr. Dette synest mange barn at er heilt forferdeleg. Vi kan tenke på kvalen som vart funne utanfor Sotra i 2017, som hadde magen full av plast. Eg skjønar at mange barn synest det er skummelt.

 

quote-left

8 av 10 barn og unge meiner det er viktig å hindre at dyre-og planteartar døyr ut

quote-right

I tillegg er mange barn opptatt av regnskogen og mangfald i naturen, heile 8 av 10 barn og unge meiner det er viktig å hindre at dyre-og planteartar døyr ut. Den same undersøkinga viser òg at berre 15 prosent av barn og unge meiner politikarane gjer nok for å løyse klima- og miljøkrisa. Det meiner eg at er alvorlege tal, for når til og med barn mister håpet, da er det lite håp igjen.

– Inkluder barn og unge

Viktigheita av barn og unge sitt engasjement er stor. Samfunnsdebatten og demokratiet er heilt avhengig av mange ulike meiningar. Barn og unge har som oftast eit anna perspektiv på ting, derfor er det kjempeviktig at vi vert høyrt. Ein annan god grunn til å lytte til oss barn og unge er at det er vi som skal arve jorda, og korleis jorda ser ut i 2060 avheng av kva tiltak politikarane gjer i dag.

Vi har ikkje tid til å vente til vi vert gamle nok til å styre landet, då er det nemleg for seint, derfor må vi bli lytta til no.

Den naturen regjeringa bygger ned i dag vil vere nedbygd i lang, lang tid. Den vil vere øydelagt heile vår levetid. Derfor bør vi òg ha noko å seie i diskusjonar som dette, derfor må vi bli lytta til no. Det har politikarane openbert ikkje lykkast i å gjere noko med.

Vår undersøking frå 2023 viser at berre 18 prosent følar at dei vert høyrt i klima- og miljøsaker. Det er alvorlege tal som politikarane MÅ ta på alvor. Dei MÅ bli flinkare på å inkludere oss barn og unge i avgjersler som handlar om klima, miljø eller natur.

Svekker framtida og demokratiet

Barn og unge sine perspektiv er viktige i samfunnsdebatten. Desse perspektiva tapar vi når barn og unge ikkje tør å seie si eiga meining.

Vår undersøking frå 2023 viser nemleg at heile 3 av 10 barn synest det er vanskeleg å seie meininga si om klima og miljø. Det er som oftast på grunn av frykt for hets at folk held tilbake meininga si. Det svekker både framtida og demokratiet.

quote-left

Éin av ti barn og unge har blitt mobba av vaksne fordi dei prøvar å gjere verda til ein betre stad

quote-right

I vår undersøking frå 2022 oppgir nesten éin av ti barn og unge at dei har blitt mobba av vaksne på grunn av sitt klimaengasjement. Éin av ti barn og unge har blitt mobba av vaksne fordi dei prøver å gjere verda til ein betre stad, det er heilt sjukt og utruleg skuffande.

Så eg ber dokker som no sit og brenn i fingrane etter å kommentere på denne kronikken at eg ikkje bør ha noko å sei, at eg er hjernevaska, hjerneskada, ikkje tørr bak øyra og for liten til å forstå noko som helst, djupt om å la vere, de gjer sånn at barn ikkje tørr å ytre meininga si. Det svekker demokratiet.