Studentane slit, fleire krev handling

Éin av fem studentar slit med psyken, viser ei ny undersøking. Fleire vil ha handling etter at undersøkinga vart lagt fram.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Éin av fem studentar slit

I Studentanes helse- og trivselsundersøking (SHoT) 2014 kjem det fram at så mange som éin av fem studentar har alvorlege psykiske plager – dobbelt så mange som i resten av folket, og ei stor auke sidan førre undersøking i 2010.

Til Universitas seier Kristian Kise Haugland, assisterande generalsekretær i Mental Helse Ungdom, at studentar er ei spesielt utsett gruppe for psykiske plagar. Han peiker på økonomi, press til å prestera og sosiale forventingar om at du skal vera med på "alt" som nokre årsaker til dette.

LES OGSÅ: Studie: Éin av seks unge har sjølvmordstankar

Tyngst for jentene
I undersøkinga kjem det fram at det er jentene som har det verst. Medan 12 prosent av gutane svarte at dei har alvorlege, psykiske plager, svarar 24 prosent av jentene ja på same spørsmål.

Ein av grunnane til skilnaden mellom kjønna kan vera at jentene tek krava og forventingane meir inn over seg, seier leiar av helsetenesta i Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus, Kari Jussie Lønning, til VG.

– Jentene er minst like dyktige som gutane, men dei opplever meir stress og tek kanskje ting meir alvorleg, held Lønning fram for VG.

LES OGSÅ: Éin av fem treng hjelp med depresjon

Satsingskrav
I ei pressemelding kallar Tor Sivertsen Prestegard, leiar av Velferdstinget i Bergen, tala for alarmerande. Velferdstinga i Bergen og Oslo og Akershus krev handling frå regjeringa.

Kravet går ut på at det blir øyremerka middel i statsbudsjettet til å betra studentane si psykiske helse, i staden for at storparten av dei psykiske helsetenestene blir finansiert gjennom studentane sjølv, gjennom semesteravgifta.

Velferdstinget er ikkje åleine om det ønskjet. Ifølge leiar i Studentparlamentet i Oslo, Marianne Andenæs, sender også prorektor ved Universitetet i Oslo, Ragnhild Hennum spørsmålet til helseminister Bent Høie (H).

LES OGSÅ: Det skumle ved å bli vaksen

Vil bygga ut lokaltilbodet
I dag vart rapporten lagt fram og overrekt helseministeren. Der ville og Venstre sjå handling frå Bent Høie, skriv Universitas. Han svara med å seia at regjeringa vil prioritera lågterskel-tilbod på kommunenivå.

– SHOT-undersøkinga forpliktar. Meir kunnskap gir større ansvar for å bygga ut helsetenestene. Det forpliktar og undervisningsstadene og samskipnadane, sa Høie under framlegginga av rapporten. Han sa og at regjeringa måtte gi meir pengar til kommunane til neste år.

LES OGSÅ: 1 av 12 er arbeidsnarkomane

Twitter-diskusjonen
På Twitter blir rapporten diskutert tungt, og ikkje alle er einige med helseministeren si satsing. Blant anna nestleiar i Velferdstinget Oslo og Akershus, Morten Normann, skriv dette:

LES OGSÅ: Kvar fjerde student er einsam