No er det stadfesta: Google skal tilby nynorsk skriveprogram
Google har denne veka stadfesta at dei vil følgje den nye opplæringslova og tilby skriveprogram på nynorsk.
– Dette er ein stor siger for elevane og alle som skriv nynorsk i Noreg. Nynorsk vinn fram som kvardagsspråk for alle, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, og Sebastian Natvik, påtroppande leiar i Norsk Målungdom, i ei pressemelding.
Tidlegare denne veka gjekk Svein Olav Langåker i Landssamanslutninga av Nynorskkommunar (LNK) ut og uttrykte uro for at mange rektorar ikkje kjende til den nye endringa i opplæringslova som skal garantere elevar skriveprogram som støttar både nynorsk og bokmål. Langåker sa at dei hadde allereie då hadde fått stadfesting frå Google om at dei kom til å tilby skriveprogram som støttar nynorsk.
– Google har stadfesta overfor oss at dei kjem til å tilby skriveprogram tilpassa nynorskbrukarar, sa han til Nynorsk pressekontor.
Nesten éin av fire grunnskular bruker i dag mest skriveprogrammet frå Google til skulearbeid.
– Ein heil generasjon elevar har gått gjennom grunnskulen utan nynorsk skriveprogram. Det seier sitt om kor viktig det var at Stortinget endeleg sette ned foten og no krev at skriveprogram i skulen skal vere på både nynorsk og bokmål, slår Peder Lofnes Hauge fast.
– Vi forventar no at Google frå skulestart har eit fullgodt tilbod på både nynorsk og bokmål som følgjer offisiell norsk rettskriving, slik som opplæringslova pålegg dei, seier Sebastian Natvik.
Mållaget og Målungdomen vonar at Google nyttar dette høvet til å tilby nynorsk i alle produkta sine.