Transport for ungdom

Framtida undersøker transporttilbod for unge, sjå kva din kommune svarer

I undersøkinga til Framtida svarer 26 prosent av kommunane at dei ikkje har kollektivtransport etter skuletid. På Voss jobbar Kristina Finne og Kristine Akselberg med å betre transporttilbodet for å inkludere unge.

Oda Sundgot
Publisert

– Transport er ein stor barriere for å vere med på fritidsaktivitetar, seier Kristina Finne på telefon til Framtida.no.

På kultur- og fritidsavdelinga i Voss herad sit Finne og Kristine Akselberg. Finne er prosjektleiar for «Bygd for alle» medan Akselberg er leiar for ungdomsavdelinga. Dei har blitt forkjemparar for Voss-ungdommen sine moglegheiter til å reise på fritidsaktivitetar.

Manglar pengar og ruter

I april 2022 møtte dei ungdomsrådet for å finne ut korleis dei kan gjere fritidsaktivitetar meir inkluderande.

Mangel på transport var det klare svaret frå ungdommen.

– Det manglar ruter. Nokre plassar går det ikkje buss etter 16.30, seier Finne.

Sidan då har Finne og Akselberg, saman med ungdom frå Voss, reist langt for å finne ei løysing.

Dei har vore på Stortinget, Samferdselsdepartementet og Fylkeskommunen i Vestland.

Framtida får prate med Finne og Akselberg før dei skal inn i endå eit møte med fylket.

– Det finst ikkje pengar, men fylkeskommunen er open for å endre og omdisponere tilbod vi har allereie, seier Finne.

26 prosent har berre skuleskyss

Mengda kollektivtransport i Noreg varierer sterkt frå by til distrikt. Framtida har, i ei undersøking sendt til kommunane, prøvd å finne ut kva transporttilbod som finst for unge.

Fire veker seinare har 114 av 357 kommunar svart.

I undersøkinga svarer 40 prosent av kommunane at dei har ekstra transport for unge. Det inkluderer Trygt heim, men òg transport til fritidsaktivitetar og arrangement.

Vi har òg spurd kommunane om å svare på kor ofte det går kollektivtransport i kommunen.

Kommunane som ikkje har transport for unge har litt meir kollektivtransport enn dei som ikkje har det.

Mindre enn halvparten av kommunane som svarte har kollektivruter som går jamleg etter klokka 16.

Fylkeskommunen i Trøndelag, Møre og Romsdal, Innlandet, Vestland og Agder har sett av middel til transporttilbod for unge.

Dei fleste kommunane som svarer at dei har tilbod for unge ligg i desse fylka.

Ordning lite brukt

På Voss finst det fleire ordningar for ungdom, som Trygt heim og ungdomskort.

Problemet er at det er mange som fell utanfor ordningane.

Ta ungdomskortet: Ungdom mellom 16–18 kan kjøpe ein månadsbillett til 350 kroner, som dekker tog, buss og ferje i heile Vestland. Men dei som er litt yngre kan ikkje nytte seg av ungdomskortet.

– Det er litt rart at dei som er 13 til 15 må betale mykje meir for å reise, seier Akselberg.

Av dei 68 kommunane som ikkje har ekstra transporttilbod for unge, svarte 15 at dei hadde eit tilbod som har blitt lagt ned.

Fleire svarer at økonomi og lite bruk var grunnen til nedlegginga.

Tilbodet Trygt heim går ut på at ungdom kan bli køyrd heim av ei drosje på kvelden. Prisen varierer, men er ofte sett til 50 kroner.

I Vestland er det fylket som betalar for ordninga. På Voss erfarer dei at tilbodet blir lite brukt.

– Vi håper å få endra tilbodet frå ein nattbuss klokka 2.45 til skyss heim frå ungdomsklubben på kvelden, seier Finne.

Populært

Kva som fungerer, varierer frå kommune til kommune.

Orkland kommune har eit Trygt heim-tilbod som er veldig populært.

– Vi har ikkje tal på brukarar, men det dreier seg truleg om over 1000 per år, skriv dei i undersøkinga til Framtida.

Tilbodet finst i to versjonar. Éin gjeld for heimkøyring frå offentlege arrangement, til dømes ungdomsklubben, og kostar 50 kroner. Den andre versjonen gjeld òg for private arrangement, som bursdagar eller heimefestar, og kostar 200 kroner.

Dei får eit tilskot på 70 000 kroner i året frå Trøndelag fylkeskommune. Men tilskotet dekker berre ein liten del av kostnadane. I 2023 brukte kommunen nesten 600 000 kroner av eigne midlar.

– Vi opplever at tilbodet vårt er veldig bra sett frå eit ungdomsperspektiv. Viss tilbodet berre hadde vore retta etter minstekrava til fylket, ville tilbodet blitt drastisk redusert, skriv dei i undersøkinga.

Dette er eit interaktivt kart. Klikk på kommunen din for å sjå kva dei svarte på undersøkinga

– Sakte, men systematisk

Finne og Akselberg er opptatt av å finne løysingar.

Dei har gjort ei kartlegging blant unge for å finne ut kva tider dei treng å reise.

– Viss ungdommane treng transport samstundes med turistane, er det kanskje mogleg å samarbeide med turistnæringa, seier Akselberg.

Dei håper òg å gjere det lettare for ungdom å bruke Vy eller ekspressbuss når dei reiser lokalt.

Til å byrje med jobbar dei med å fremme to forslag: utvide aldersgrense slik at alle frå 12 til 20 år kan kjøpe ungdomskort og utvide skuleskyssen til tur-retur to gongar om dagen.

– Vi jobbar sakte, men systematisk, seier Finne.