«P3-Arian» er årets Storegut
– Nynorsken har alltid vore både hjartespråket mitt og nyttespråket mitt, seier programleiar Arianrhod «Arian» Engebø.
Journalist, radioprofil og programleiar Arianrhod «Arian» Engebø (30) får Storegutprisen og blir heidra under Litteraturdagane i Vinje i september.
Storegutprisen er ein årleg pris som vert delt ut under Litteraturdagane i Vinje. Prisen vert gjeven til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom.
Prisen vert delt ut under Litteraturdagane 28. september i Edland. Engebø er den yngste vinnaren av prisen, som har blitt delt ut sidan 2002.
– Førebilete for unge nynorskbrukarar
Arianrhod «Arian» Engebø er journalist, radioprofil og programleiar frå Førde i Sunnfjord.
– Årets vinnar er eit inspirerande førebilete for unge nynorskbrukarar i dag, seier juryleiar i Storegutnemnda, Aasmund Nordstoga.
Storegutnemnda skriv vidare i grunngjevinga si:
Vinnaren har vakse opp med eit stort språkmangfald og frå radiosendingar i P3 får lyttarane høyra ei klingande Førde-dialekt med skikkeleg skarre-r. Når noko skal formidlast skriftleg er det sjølvsagt på nynorsk. Å ta vare på skriftspråket sitt har vore heilt naturleg for den språkmedvitne vinnaren, men slik er det slett ikkje for alle unge nynorskbrukarar i dag.
– Hjartespråket mitt
– Dette er kjempestas! Nynorsken har alltid vore både hjartespråket mitt og nyttespråket mitt, så å bli tildelt denne prisen gjer meg veldig stolt. Det inspirerer meg til å halde fram med å vise fram nynorsken, og eg gler meg til å ta imot prisen på Litteraturdagane, seier vinnaren Arianrhod Engebø i ei pressemelding.
Engebø byrja som nynorskpraktikant i NRK i 2017 og fekk fast stilling i same kanal i 2020. Sidan då har ho blitt ei kjend stemme for mange radiolyttarar, mellom anna gjennom musikkprogrammet «StudioP3» og hennar eige program «Arian» i NRK P3.
Engebø har dei siste åra vore programleiar for store sendingar som P3Gull, Melodi Grand Prix, P3-aksjonen og livesendinga av konserten VG-lista på Rådhusplassen.
– Det er både viktig og gledeleg at nemnda har valt ein vinnar som når fram med nynorsk til eit yngre publikum, seier arenaleiar ved Vinjesenteret Yngve Knausgård.