Kor mykje forstår du i P3-Arian sin walisiskquiz?

Radioprofil Arianrhod «Arian» Engebø er ein av få som snakkar walisisk. Ta quizen hennar her!

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var opphaveleg publisert 9. februar 2021.

Ifølgje den walisiske regjeringa var det 28,8 prosent av befolkninga som kunne walisisk i 2020, men berre 16,2 prosent som snakka språket til dagleg.

Arianrhod Engebø, kjent frå StudioP3 på NRK P3, har mor frå Wales og lærte det walisiske språket i oppveksten. Ho har òg teke ein bachelorgrad i Cardiff.

Her kan du ta ein walisisk-quiz med ord Arian har plukka ut.

Quiz: Lær walisisk med Arian!

  1. Spørsmål 1 av 12

    1.

    Arianrhod Engebø har mor frå Wales og har studert i Cardiff. Sjekk kor god du er i språket med hennar walisisk-quiz! Lykke til!

    Arianrhod sitt kallenamn er Arian. Kva betyr eigentleg “arian” på walisisk?

    • Heilt rett! Arian betyr pengar/sølv/mynt på walisisk. For Arian er det tradisjon å ta bilete i ein telefonkiosk når ho er i Wales. 

    • Feil svar! Ikkje så rart at du tippa dette ut ifrå biletet, men “arian” betyr pengar/sølv/mynt på walisisk. For Arian er det tradisjon å ta bilete i ein telefonkiosk når ho er i Wales.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  2. Spørsmål 2 av 12

    2.

    Arian har tatovert eit ord på arma på nynorsk. Hadde ho skulle hatt same tatovering på sitt andre språk, walisisk, hadde det blitt “diochgar”. Kva betyr det?

    • Riktig! Det betyr takksemd. Om du heller vil tatovere kjærleik på walisisk, kan du gå for “cariad”, og har du ein løyndom kan du be tatovøren prøve å stave “gyfrinach”.

    • Feil! Det betyr takksemd. Om du heller vil tatovere kjærleik på walisisk, kan du gå for “cariad”, og har du ein løyndom kan du be tatovøren prøve å stave “gyfrinach”.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  3. Spørsmål 3 av 12

    3.

    Ordet “brechlyn” er svært aktuelt for tida, og noko det truleg blir skrive mykje om i walisisk presse. Kva betyr det?

    • Dette kan du! Det er det walisiske ordet for vaksine. 

    • Ops, det var feil! Det er det walisiske ordet for vaksine. 

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  4. Spørsmål 4 av 12

    4.

    Det kan vere hardt å kome seg igjennom ei arbeidsveke. Kva for dag er “nos Sadwrn bach”?

    • Du er god, altså! På nos Sadwrn bach har du kome til lillelaurdag! Ikkje lenge igjen til helg, eller penwythnos, no!

    • Feil! På nos Sadwrn bach har du kome til lillelaurdag! Ikkje lenge igjen til helg, eller penwythnos, no!

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  5. Spørsmål 5 av 12

    5.

    Arian drog til Cardiff for å studere journalistikk. Korleis seier ein universitet på walisisk?

    • Her er du god! Skulle nesten trudd du hadde gått på universitet i Wales. Ysgol tyder skule, og myfyriwr student.

    • Ikkje riktig! Du har nok ikkje gått på universitet i Wales. Ysgol tyder skule, og myfyriwr student.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  6. Spørsmål 6 av 12

    6.

    Arian er radioprogramleiar, og då ho budde i Cardiff jobba ho i studentradioen der. Kva heiter radio på walisisk?

    • Riktig! Dette var nesten eit lurespørsmål, men radio heiter altså det same på norsk og walisisk. Hadde ho arbeidd med teledu hadde du sett ho på TV. Rrhadiur betyr derimot ingenting, så vidt vi veit.

    • Feil! Dette var nesten eit lurespørsmål, men radio heiter altså det same på norsk og walisisk. Hadde ho arbeidd med teledu hadde du sett ho på TV. Rrhadiur betyr derimot ingenting, så vidt vi veit.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  7. Spørsmål 7 av 12

    7.

    Arian sitt radioprogram StudioP3 handlar om musikk. Kva hadde det handla om på walisisk?

    • Riktig! Cerddoriaeth er musikk. Hadde StudioP3 vore om pêl droed hadde det vore eit fotballstudio, medan dawns betyr dans. 

    • Feil! Cerddoriaeth er musikk. Hadde studioP3 vore om pêl droed hadde det vore eit fotballstudio, medan dawns betyr dans. 

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  8. Spørsmål 8 av 12

    8.

    Det er ikkje berre på radio du kan høyre musikk. Kva er du på om du nyt musikk på ein “gwyl”?

    • Du har heilt rett! Gwyl betyr festival på walisisk.

    • Det er feil! Gwyl betyr festival på walisisk.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  9. Spørsmål 9 av 12

    9.

    Men kva er då konsert på walisisk?

    • Bra jobba! Om du følgde godt med i stad visste du at gwyl er festival. Theatr er ikkje overraskande teater.

    • Feil! Rett svar er cyngerdd. Om du følgde godt med i stad visste du at gwyl er festival. Theatr er ikkje overraskande teater.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  10. Spørsmål 10 av 12

    10.

    Kva får du om du bestiller “cwrw” i Wales?

    • Riktig! Skal du på pub i Wales kan cwrw vere eit nyttig ord å kunne. Om du har lyst til å smake tradisjonell walisisk mat kan du prøve å bestille ein cawl Cymreig i staden, som er ei slags kjøtsuppe.

    • Feil! Skal du på pub i Wales kan cwrw vere eit nyttig ord å kunne, for det betyr øl. Om du har lyst til å smake tradisjonell walisisk mat kan du prøve å bestille ein cawl Cymreig i staden, som er ei slags kjøtsuppe.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  11. Spørsmål 11 av 12

    11.

    Verbet “chwerthin” har å gjere med kva humør ein er i. Kva betyr det?

    • Rett svar! Du kan le heile vegen til ordlista, du!

    • Feil! Du har nok mest lyst til å gråte no, men det betyr faktisk å le.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  12. Spørsmål 12 av 12

    12.

    Etter å ha tatt denne quizen har du nok lyst til å reise rett til Wales for cwrw og cerddoriaeth på ein gwyl, dersom du har nok arian da. Men kva land skal du bestille billetten til?

    • Riktig! Cymru er namnet på Wales. Hadde du bestilt billett til yr Alban hadde du hamna i Skottland, og til Iwerddon i Irland. God tur!

    • Då hadde du hamna feil stad! Cymru er namnet på Wales. Hadde du bestilt billett til yr Alban hadde du hamna i Skottland, og til Iwerddon i Irland. God tur!

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt

Resultat:  

Vurdering:  

 

Om du gjer det strålande godt på denne, så kan du prøve deg på nok ei walisisk gloseprøve!

Foto: Kollasj Framtida.no