– Overvakinga vil auke

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I realiteten handlar det om å venje befolkninga til stadig meir overvaking, seier Ketil Lund til Klassekampen.

LES OGSÅ: – Viser ikkje overvaking i Noreg

Lund har vore høgsterettsdommar i nesten 20 år, og leidde på midten av 1990-talet Stortingets granskingskommisjon for dei hemmelege tenester (Lundkommisjonen).

– Overvakingsinteressene i den vestlege verda er skremmande offensive, og utviklinga mot eit totalt overvakingsregime der alle våre personlege kjenneteikn og all vår gjeremål blir tilgjengelege for staten, er akselererande, seier Lund.

LES OGSÅ: Gjev blaffen i overvaking på nett

Han meiner likevel terrorfrykta er blåst ut av proporsjonar.

– At risikoen for å bli råka av terror er langt mindre for oss alle enn å bli utsette for ei alvorleg trafikkulykke, ser ut til å vere heilt uinteressant, seier Lund.

LES OGSÅ: Vil gi fredsprisen til Snowden