– Viser ikkje overvaking i Noreg
Statsminister Erna Solberg (H) tilbakeviser påstandane om at USA driv overvaking i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Viser ikkje over- vaking i Noreg
Dagbladet meldte i dag at USA har overvaka 33 millionar samtalar i Noreg i løpet av ein månad. Overvakinga skulle ha gått føre seg både før og etter dette. Både statsministeren og Etterretningstenesta seier no at oppslaget i Dagbladet er feil.
– Det er snakk om 33 millionar telefonsamtalar som Noreg og norsk etterretning har tatt opp i Afghanistan, ikkje i Norge. Me har no gått igjennom dette, og dette er stadfesta, seier Solberg til NTB.
LES OGSÅ: – Snowden-avsløringar kan skapa vanskar for Noreg
Statsministeren understrekar at etterretningsverksemda blir gjort som eit ledd i å sørgja for tryggleiken for norske soldatar i Afghanistan. Dette stadfesta Kjell Grandhagen, sjef for Etterretningstenesta på eit pressemøte tidlegare i dag.
– Dette er ein heilt legitim del av det vi gjer for å sikra ei deltaking ute og hindre terrorangrep og noko me samarbeider med amerikanarane om, seier Solberg.
Saka i Dagbladet om massiv overvaking av telefonsamtaler i Noreg har skapt rabalder. Støttepartia til regjeringa, Venstre og Kristeleg Folkeparti, har kravt skarpe reaksjonar, mens SV har bedt regjeringa kalle USAs ambassadør inn på teppet.
– No trur eg me alle skal roe oss litt ned. No må me først få orden på fakta i denne saka, seier Erna Solberg.
LES OGSÅ: USA overvakar sosiale medium