BookTok : – Verdas største bokklubb

Lesarundersøkinga 2024 melder at det blir stadig færre boklesarar i Noreg. Sosiale medium blir ofte peikt på som ein syndebukk, men for nokre er det akkurat sosiale medium som gir leseglede.

NPK-Paula Jee Ullaland
Publisert

– Leseundersøkinga bekreftar at vi treng eit krafttak for lesing, sa Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen, då resultata frå årets Lesarundersøking vart lagt fram i april.

Fagfolk og politikarar er samstemte om at det må nye strategiar til for å motivere barn og unge til å lese meir, skriv Bokhandlerforeningen på nettsidene sine.

Samstundes finst det eit miljø på internett som har skapt nettopp leseglede for mange.

På appen Tiktok eksisterer det eit boksamfunn der ein kan finne anbefalingar, diskusjonar og analysar om bøker ein har lese.

All denne aktiviteten er sentrert kring emneknaggen #BookTok. BookTok har godt over 30 millionar innlegg. Til samanlikning har #TaylorSwift om lag 12,7 millionar videoar og #Norway cirka 2,6 millionar videoar. Bøker som blir populære under denne emneknaggen har altså moglegheit til å bli internasjonale bestseljarar

Behov for å diskutere leseopplevingar

– BookTok er som ein kjempestor, transnasjonal bokklubb, forklarer Camilla Holm Soelseth, doktorgradsstipendiat i digital kultur og kommunikasjon ved OsloMet.

Ho kan fortelje at det ikkje er første gong ein har sett tilfelle av bokklubbar på nett. Til dømes har det lenge vore kultur for å diskutere litteratur på ulike forum. Men under pandemien vaks nettsamfunnet #BookTok for alvor fram. Folk sat plutseleg i kvar sin heim med ein god del ekstra tid til overs. Samstundes hadde ein behov for å diskutere leseopplevingane sine med andre.

– Som med mange andre internettrendar er det først og fremst tenåringar og unge vaksne som står i bresjen. Dette har nok òg påverka kva som har blitt typiske BookTok-bøker, seier ​​Holm Soelseth.

Både bestseljarlistene til dei store bokhandlarane og Holm Soelseth fortel at fantasy og romanse er populære BookTok-sjangrar. Likevel fungerer algoritmane på sosiale medium slik at det òg løner seg å kombinere ulike sjangrar.

– Blandingssjangrar som «romantasy» aukar potensialet for at ei bok skal bli populær på BookTok. Dette er fordi det gjerne finst mange ulike sfærar og undermiljø, men når ein set saman ulike sjangrar, så har boka moglegheit til å bli populær i fleire miljø samstundes, forklarer doktorgradsstipendiaten.

Vil inspirere til å lese på norsk

Også dei store bokhandlarkjedene har merka at internettmiljøet har etablert seg hos dei norske lesarane.

– Vi følgjer nøye med på BookTok og tar inn bøker som trendar der. Mange av butikkane våre har eigne BookTok-bord eller hyller, og på nettsida vår har vi ei eiga side for bøker som er populære på BookTok, seier marknadssjef i Norli, Caroline Heitmann.

@yannareads Oh to be able to read these again… #booktok #books #romance #bookreccomendations ♬ original sound – 𝐂𝐇𝐀𝐑𝐋𝐈𝐄

Kategorisjef for barne- og ungdomslitteratur i ARK, Emilie Jarto, kommenterer at dei har opplevd ein kraftig auke i etterspurnad etter engelskspråkleg litteratur på grunn av BookTok, og at salet på engelske bøker har dobla seg på to år.

Jarto understrekar at dei er glade for at folk les, uansett språk, men at dei har satsa på å inspirere unge til å lese på norsk.

– Vi lanserte i fjor emneknaggen #LesBoka på Tiktok fordi vi har sett korleis BookTok har inspirert til å lese fleire bøker. Ved å lage ein norsk emneknagg håper vi å bidra til å etablere ein fellesskap med norske bøker som utgangspunkt. Språket er ein viktig del av vår identitet, og ved å berre lese på engelsk, vil ein gå glipp av mykje god litteratur, men òg språkutvikling, seier Jarto.

Gamle bøker kan få nytt liv

BookTok er den viktigaste kanalen unge menneske har for å orientere seg om bøker, meiner Heitmann.

Skjermdump Tiktok

– Dei mest populære bøkene på BookTok blir liggjande på bestseljarlistene i mange månadar, for å ikkje seie år. Det er ikkje berre dei nye bøkene som trendar, gamle utgivingar kan få nytt liv gjennom BookTok. Bøker som er knytt til tv-seriar eller filmar blir ofte diskuterte, og desse får gjerne eit salsløft.

Ho trekker fram kinofilmen «Dune Part Two» som eit døme. Både «Dune» og oppfølgjaren «Dune Messiah», som filmen er basert på, toppar no listene. Bøkene av Frank Herbert vart først utgitte på 1960-talet.

Snakkisar i lunsjen

Det er likevel ikkje heilt utan problem å danne interessemiljø på sosiale medium.

– Det er ikkje heilt heldig at all kommunikasjon skjer på selskapet Tiktok sine premissar. Dei har jo ikkje nødvendigvis prioritert fellesskapets beste interesser, men har heller sine eigne økonomiske mål i bakhovudet. Dette gir appen moglegheit til å sensurere det innhaldet dei ikkje likar, noko som ikkje er så bra, forklarer Holm Soelseth.

Ho trur likevel at noko av det som gjer BookTok så populært er at mange har fått auga opp for det sosiale kring lesing. Tidlegare har ein kanskje sett på lesing som ein aktivitet ein driv med for seg sjølv, medan no får ein lyst til å lese for å kunne delta i samtalen. Litt slik som gårsdagens episode i ein tv-serie kan bli snakkis i lunsjpausen, kan ein òg snakke om kva som skjer i det kapittelet i den boka, forklarer stipendiaten.

– Den store bokklubben kan rett og slett styrke fellesskapskjensla vår, avsluttar Camilla Holm Soelseth.