Er dette Noregs første #BookTok-bok? TikTok-arar les 13 år gammal norsk roman
Unge deler Perlebryggeriet av Jenny Hval i bokvideoar på TikTok.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mange assosierer det sosiale mediet med dansevideoar, men videoappen har òg blitt ein stad for dei som likar å lese.
Emneknaggen #BookTok er ein underkanal på TikTok der brukarane deler boktips og meiningar om bøker.
Emneknaggen har over 60 milliardar visningar.
Noregs første BookTok-bok?
No har Noreg fått si kanskje første #BookTok-bok. Perlebryggeriet av Jenny Hval trendar nemleg på det sosiale mediet.
På engelsk heiter romanen Paradise Rot, og emneknaggen #ParadiseRot har over 350 000 visningar på TikTok.
– Jøss, dette visste eg ikkje! skriv forfattaren på e-post til Framtida.no.
Jenny Hval fortel at ho ikkje brukar TikTok sjølv, og dimed ikkje har sett seg inn i det eller merka noko til interessa for boka der.
@loverofpages absolutely cannot stop thinking about her… #paradiserot #booktok #bookrecs #hotgirlbooks #fyp ♬ so many hot ppl have used this omg – ⋆ ˚。⋆୨୧˚˚୨୧⋆。˚ ⋆
Frukt og rotning
Perlebryggeriet handlar om den norske jenta Jo som reiser til Australia for å studere biologi. Der flyttar ho inn saman med Carral i eit nedlagt bryggeri. Etter kvart blir røynda viska ut, og blanda saman med biologipensum, romanar og bryggeriets historie.
– Kva trur du er grunnen til at boka di trendar på TikTok?
– Det einaste eg kan sjå for meg er at boka er ganske visuell med mange «bilete» av frukt og rotning, kanskje litt lett å lage bilete-assosiasjonar med? Eple og sopp og sånn.
@coolgrl4evr thinking about the girl at the grocery i overheard say “i only eat pink lady apples” #booktok #paradiserot #jennyhval ♬ Good Looking – Suki Waterhouse
– Ho er også ei «coming of age story», med passe erotiske bilete, kanskje det fungerer på SoMe? Ikkje veit eg altså!
Har ikkje marknadsført mot TikTok
– Det er overraskande og morosamt! skriv forleggjar Bjørn Aagenæs i Kolon forlag på e-post til Framtida.no.
Kolon gav ut Perlebryggeriet, som er Jenny Hval si debutbok, i 2009. Boka kom på engelsk i 2018.
Aagenæs fortel at Kolon forlag har gjort mykje for å få fram boka, og marknadsføre ho.
– Men førebels er vi ikkje aktive på TikTok.
Utanom å skape glede og begeistring, er han usikker på kva effekt det har at ei bok trendar på TikTok.
350 000 visningar er ikkje enormt i TikTok-samanheng, men det er likevel betydeleg for ei norsk bok. Av norske internasjonale bestseljarar har emneknaggen #jonesbo om lag 200 000 visningar, #knausgaard har 16 000 visningar og #majalunde har 4100 visningar.
Franske Valerie Perrin, som er bestseljar i Noreg for tida med boka Å vanne blomster om kvelden, har 100 000 visningar på emneknaggen #valerieperrin.
Til samanlikning har emneknaggen for Sally Rooney si Conversations with Friends over 120 millionar visningar. Rooney er til gjengjeld svært populær på verdsbasis og boka er nettopp blitt laga serie av.
– Det er heilt greitt for meg at det ikkje går heilt viralt… Men hyggeleg at folk les, uttalar Jenny Hval.
– Ingenting kan måle seg med BookTok
Marknadssjefen i Norli, Caroline Heitmann, sa i fjor haust til NRK at dei aktivt jobbar med å følgje med på det som rører seg i TikTok-kanalen.
– Ingenting kan måle seg med BookTok, bokkanalen på TikTok, sa ho då.
Norli-sjefen fortalde til NRK at dei fleste butikkane no har eigne bord med bøker som er tilrådde på #BookTok.
Kari Roll-Matthiesen, kategoridirektør i ARK, fortalde til NRK at dei ser ein effekt på salet av bøker som er løfta fram på BookTok. Bøker som selde godt for fleire år sidan, blir løfta fram att og trykte i nye opplag som ein direkte konsekvens av #BookTok.
Vil kome seg på TikTok
Førebels har ikkje TikTok hatt nokon direkte effekt på salstala til Kolon og Perlebryggeriet.
– Jenny Hval si Perlebryggeriet er ein moderne klassikar, som sel jamt og trutt, understrekar forleggjar Bjørn Aagenæs.
Sjølv om dei i dag ikkje brukar TikTok som ein marknadsføringskanal, avslører han at Kolon forlag har planar om å vere aktive på det sosiale mediet.
Populære BookTok-bøker
- The Song of Achilles av Madeline Miller
- Six of Crows av Leigh Bardugo
- They Both Die at the End av Adam Silvera
- These Violent Delights av Chloe Gong
- The Invisible Life of Addie LaRue av V. E. Schwab
- It Ends With Us av Colleen Hoover
- We Were Liars av E. Lockhart
- A Court of Thorns and Roses av Sarah J. Maas
- Ice Planet Barbarians av Ruby Dixon
- The Seven Husbands of Evelyn Hugo av Taylor Jenkins Reid
- My Year of Rest and Relaxation av Ottessa Moshfegh
Kjelde: Wikipedia