Engelskspråklege bøker tek stadig større jafs av bokmarknaden

Det blæs ein engelskspråkleg vind over bokmarknadene i fleire europeiske land. Engelskspråklege bøker er spesielt populære blant unge lesarar.

NPK-NTB
Publisert

I Sverige, Nederland, og Tyskland har det vore ein stor auke i salet av engelske bøker dei siste åra, skriv Klassekampen. Den same trenden er tydeleg i Noreg, sjølv om det ikkje finst offentlege salstal for utanlandske bøker.

I rapporten « Kunst i tall » som vart publisert like før jul, blir det rekna med at privatpersonar i Noreg importerte fysiske bøker for 422 millionar kroner i 2022skriv Klassekampen.

Tydeleg trend

Stein Ove Gudmundsrud, administrerande direktør i bokhandlarkjeda Ark, stadfestar at engelskspråkleg litteratur blir stadig meir populært.

– Det har vore ein tydeleg trend dei siste åra at salet av engelske bøker aukar. Det gjeld både skjønnlitteratur og sakprosa, seier Gudmundsrud.

TikTok oppmodar til lesing

Caroline Heitman, marknadssjef hos Norli, den andre store bokhandlarkjeda i Noreg, stadfestar endringane i lesevanane.

– I ungdomssegmentet har det vore ein svært sterk auke i etterspurnad etter engelske bøker etter at Booktok slo gjennom, seier Heitman og fortel at dette var ein trend som starta under pandemien.

Gudmundsrud frå Ark ser likevel positivt på situasjonen.

– Det er betre at ungdommen kjøper engelske bøker enn at dei ikkje kjøper bøker i det heile. Vi trur også det er svært sannsynleg at dei som no les engelsk, vil kjøpe norske bøker seinare.