Ber bokbransjen lytte til unge: – Manglar tilgjengeleg litteratur

– Det er ikkje noka hemmelegheit at mobil, PC og iPad tek opp meir tid, seier Hayder Jumaah frå Leser søker bok.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg synest det manglar ein litteratur som er tilgjengeleg for ein viss type folk. No medan eg framleis er ung, vil eg skrive det eg sjølv veit eg kunne lese.

Det seier forfattar Carina Edine (24).

Framtida møter ho på Postkontoret på Tøyen, ein av favorittplassane hennar å arbeide.

I veska har ho Da vi var yngre av det litterære stjerneskotet Oliver Lovrenski og Alle utlendinger har lukka gardiner av Maria Navarro Skaranger, som begge er skrive på mutietnolekt. Ho meiner fenomenet Lovrenski seier noko om kor lite litteraturen speglar dei unge.

– Når menn i 50-åra blir så imponert av at det står å lø, og litt emojis i boka, då har vi ein lang veg å gå med tanke på det å nå ut til ungdom. For oss er dette heilt vanleg språk.

Å møte Gen Z i litteraturen

I 2023 gav Edine ut boka Ingen lytter og i år har ho eit nytt bokprosjekt på gang.

Forfattaren var ikkje ein stor lesar før ho gav ut bok, sjølv om ho har skrive i forskjellige format heile tida. Venane hennar står heller ikkje fremst i køen på Litteraturhuset.

Med det er dei ganske like mange andre 24-åringar. Ifølgje mediebarometeret frå dei siste åtte åra er det flest som les bøker blant dei yngste (9 – 15 år) og dei eldste (65+ år). Talet på lesarar går ganske kraftig ned når ein kjem til gruppa på 16 til 25 år, nesten uansett kva år ein ser på.

No lurar ho på kva ho og andre kan gjere for å faktisk nå ut til generasjon Z med skjønnlitteratur.

Meir skjerm – mindre bok

– Det er jo noko staten lurar på, og noko alle i litteraturfeltet prøver å finne svar på, seier Hayder Jumaah (22).

Han er prosjektmedarbeidar i Leser søker bok, og Framtida møter han på Litteraturhuset i Oslo, der organisasjonen har kontor. Gjennom forskjellige prosjekt forsøker dei å gjere litteratur tilgjengeleg for grupper som vanlegvis les lite. Prosjekta deira er gjerne retta mot spesifikke grupper, men dei merkar generelt at færre unge les.

– Det er ikkje noka hemmelegheit at mobil, PC og iPad tek opp meir tid, til og med i skulen.

Jumaah jobbar blant anna med å formidle arabisk poesi til unge, gjennom parallelspråklege bøker. Han har erfart at det er ein terskel ein må kome seg over for at elevane han møter skal kople seg på litteraturen, slik dei gjer med andre kulturelle uttrykk.

– Eg kjem til eit punkt der eg seier: No er det ikkje noko analyse, no er det ikkje noko alvor rundt litteratur. No skal vi sjå på litteratur sånn som vi nyt låtar og filmar. Då merkar eg innstillinga til å lese poesi, lytte til opplesing og reflektere rundt tekstar endrar seg, med ein gong.

Han poengterer at mykje av mediekvardagen til unge er litteratur, alt frå filmar og musikk, til det dei tekstar til kvarandre, men at forma til litteraturen påverkar kva slags haldning dei har til tekstane.

Techno-Ibsen og betre rekruttering

Nettopp møtet mellom musikk og litteratur er noko Carina Edine også har tenkt over. Ho har ein liten draum om å dra med seg gamle forlagsredaktørar til litteraturarrangement der ein blandar Ibsen og technomusikk.

– Eller, det må kanskje ikkje vere Ibsen, men vi kan spice opp med fleire billige live litteraturarrangement der ein kan blande inn musikk, standup og liknande.

Ho skulle gjerne sett bokbransjen sjå meir til musikkbransjen.

Edine får kanskje ikkje arrangert Ibsen-techno for Pål Stokka, forlagssjef for Gyldendal Barn og Ungdom, men han er positiv til fleire eksperimentelle litteraturarrangement.

Pål Stokka er forlagssjef for Gyldendal Barn og Ungdom. Foto: Gyldendal

– Absolutt. Og dette blir gjort i stor grad allereie av God Natt, Oslo, skriv han i ein e-post til Framtida, og viser til litteraturfestivalen som blir arrangert på SALT i Oslo i april.

Han vedgår at dei kan bli flinkare å spørja unge som ikkje les om kva dei ønsker seg.

– Helt einig. Vi brukar sjølvsagt all sals- og marknadsinnsikt vi har tilgjengeleg for å heile tida danne oss eit inntrykk av kva dei forskjellige målgruppene ynskjer – og sjølvsagt korleis vi kan nå dei med nytt eller etablert innhald.

Stokka påpeiker at dei også håpar forfattarskulen og mangfaldsstipendet deira bidrar til god rekruttering frå unge stemmer.

Representasjon og ungdomsvenleg litteratur

Å engasjere unge forfattarar meiner Edine er ein viktig del av svaret, nettopp for å få fram tema som unge er opptekne av i dag.

– Sjølvsagt skal ein ta vare på eldre ting også, men eg følar at ein bør ha meir fokus på i dag, sidan vi trass alt lever i dag. Vil ein ha den gode samtalen og foreine folk via litteratur, så må vi prate om tema folk bryr seg om no.

Haydar Jumaah har sjølv lese 300 år gamal litteratur som har rørt han, men han er einig i at det er viktig å løfte opp skribentar med forskjellig bakgrunn så lesarar kan føle seg representert.

– Eg trur ikkje det nokon gong har vore så vanskeleg å bli forfattar i Noreg, som det er no, seier han.

Når bøker ikkje sel like godt, blir det færre bokmeldingar og han trur unge forfattarar ikkje nødvendigvis blir prioritert i ein trong marknad.

Jumaah har ikkje eitt fasitsvar på korleis ein skal få fleire til å lese, men han har ei oppmoding til bokbransjen.

– Det er veldig viktig å ikkje dømme dei unge, og heller prøve å finne årsaka til kvifor ungdommar ikkje les som dei gjorde for 20 år sidan. Eg trur også det bør vere eit felles mål for forlag, forfattarar og foreiningar å gjere litteraturfeltet meir ungdomsvenleg, spesielt for dei som ikkje les frå før. Satsar vi på ungdom no, får vi ein generasjon som les bøker framover.