Noreg satsar på romfart – vil lokke EU til Andøya

Noreg tilbyr EU tilgang til verdsrommet gjennom romhamna på Andøya. EUs einaste alternativ, seier næringsminister Cecilie Myrseth (Ap).

NPK-NTB – Bibiana Piene
Publisert

– Norsk rompolitikk er utruleg viktig for Noreg. Vi har eit spesielt sterkt rommiljø i nord med ei unik plassering – og det er ein styrke eg skal jobbe for å synleggjere overfor dei europeiske kollegaene mine, seier næringsminister Cecilie Myrseth til NTB.

Myrseth er i Brussel torsdag for delta på eit felles møte mellom Den europeiske romfartsorganisasjonen ESA og EUs ministerråd. Også dei andre Esa-nasjonane Storbritannia, Sveits og Canada deltek på møtet.

Her kjem ho spesielt til å promotere det nye oppskytingsanlegget Andøya Spaceport i Nordland, som vart opna i november i fjor.

– Einaste alternativ

Myrseths bodskap er klar: Andøya er ei god moglegheit for EU for oppskyting av satellittar og romrakettar.

– Det vil ha stor nytte for Europa. Noreg vil bidra til sikker europeisk tilgang til verdsrommet gjennom romhamna på Andøya, seier Myrseth.

Alternativa er få, påpeikar ho. Bygginga av ei romhamn er på gang i Storbritannia, medan andre prosjekt berre finst på teiknebrettet.

– Vi ønskjer å bli tettare integrert i europeisk romsamarbeid gjennom full deltaking i EUs romprogram. Meir europeisk samarbeid kan bidra til å styrkje Europas konkurranseevne på romfeltet og andre område, seier Myrseth.

Næringsdepartementet er no i ferd med å behandle ferdig søknaden frå Andøya Spaceport om å drifte romhamna på Andøya, noko som er ein nødvendig føresetnad for at det skal kunne skytast opp satellittar frå hamna.

Breiband i nord

Ei anna viktig oppgåve for Myrseth er å leggje til rette for deltaking i EUs nye program for sikker global satellittkommunikasjon, Secure Connectivity – eller IRIS2 som programmet ofte blir omtalt som.

– Noreg vil bidra med strategisk infrastruktur for nedlasting av data på Svalbard og i Antarktis, seier ho.

Det er det statlege selskapet Space Norway som står bak satsinga.

–Andøya Spaceport og Space Norways prosjekt for breibanddekking i Arktis vil verkeleg løfte Noreg som romnasjon, seier Myrseth.

I kjem Noreg til å bruke rundt 2,1 milliardar kroner over statsbudsjettet til romsatsinga. Brorparten, 1,6 milliardar kroner, går til deltaking i ESA og EUs romprogram.