På den vidaregåande skulen på Andøya lærar elevar om romteknologi.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg diggar det! Det er kjempegøy, dagane flyr og eg angrar ikkje eit sekund på at eg valte romteknologi, seier Endre Solem Hansen (19) på telefon til Framtida.

Han går vg3 Romteknologi på Andøy videregående skole i Nordland. Det er den einaste skulen i landet som har denne linja, og dei samarbeider med Andøya Space, det norske romsenteret som skyt opp rakettar og forskar på verdsrommet.

Studieretninga spesialiserer seg på verdsrommet, og teknologien som blir brukt for å utforske det. Solem Hansen fekk høyre om retninga i 2. klasse på vidaregåande, og bestemte seg for at det var det han ville studere.

– Eg syntest det høyrdest veldig spennande ut, og har alltid vore interessert i verdsrommet.

Tok eit ekstra år på vidaregåande

Frå før hadde han gått Elektro i 1. klasse og automasjon i 2. klasse på Kuben videregående skole i Oslo. For å kunne søke seg til romteknologi, måtte han derimot ha vg2 datateknologi og elektronikk. Det førte til eit ekstra år på vidaregåande, som Solem Hansen tok saman med andre elevar i Malta. Det var ei eiga linje gjennom skulen han allereie gjekk på.

Karaktersnittet for å kome inn på romteknologi i år var 4,6, og no går Solem Hansen saman med 26 andre elevar. Det er lagt til rette for å ta fag som norsk, historie og forskjellig matematikk som privatist for å få generell eller spesiell studiekompetanse, men hovudfokuset er på grunnleggjande fag innan romteknologi. Eit av faga han har fast undervisning på romsenteret på Andøya.

– Det blir jo sendt opp ganske mange rakettar i løpet av eit år. Vi er ikkje involvert i det, men vi bur jo like i nærleiken.

Og når det er spennande ting som skjer, som rakettoppskyting, kan dei få avspasering for å sjå på det som skjer.

I tillegg får dei ein studietur i løpet av året.

– Det varierer litt kvar, men i år får vi ein 15 dagar lang studietur til USA, der vi skal køyre rundt og besøke viktige stader i romhistoria, som rakettmuseum og satellittfarmar. Det gler eg meg veldig til.

Lagar ein eigen rakett

I tillegg til å lære mykje om verdsrommet, skal elevane også sjølv prøve seg på romteknologi. I løpet av året er dei ansvarlege for å skyte opp ein rakett som dei har utstyrt med sensorar som skal utføre målingar. Dei samlar inn data frå atmosfæren medan raketten flyr opp til 9 kilometer over jorda.

– Då blir vi delt opp i grupper der vi skal kjenne på alle prosedyrane for å lære om rakettoppskyting. Nokre får for eksempel kontrolltårnet og andre skal lese telemetri, der vi får inn all data frå raketten. Det skjer i slutten av dette året.

19-åringen vil søkje seg inn på romteknologi på Aberystwyth University i Wales etter vidaregåande. Draumen er ein jobb innan romindustrien.

– Viss eg kunne valt vil eg enten jobbe for Nasa eller Esa, som er Europas svar på Nasa.

Han har lyst til å bygge satellittar, rakettar eller robotar som skal ut i rommet og gi oss meir informasjon om verdsrommet.

– Det er det eg arbeidar målretta mot no, og eg er veldig motivert.

På spørsmål om han kan tilrå skuleretninga til andre, er det ikkje tvil om svaret:

– Eg oppfordrar så mange som mogleg, viss dei er interesserte i verdsrommet og dei ser for seg ei framtid der du jobbar med eit eller annan innan romteknologi, om å søke.