Prestisje og utsikter til å reise til Mars fører til auka romaktivitet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

I august i år greidde India det fleire nasjonar har kjempa om dei siste åra. Landet vart det første til å lande i nærleiken av månen sin sørpol. Det gjorde dei med eit fartøy utan folk i. Berre nokre dagar før hadde Russland forsøkt på det same, utan å få det til. I staden krasja dei i overflata til månen.

Du har kanskje høyrt om romkappløpet på 50-, 60- og starten av 70-talet. No snakkar ein om eit nytt romkappløp. Det stadfestar Arvid Bertheau Johannessen ved Norsk Romsenter.

Ja, det blir feil å seie noko anna. Den gongen var det USA og Russland, eller Sovjetunionen, som skulle først til månen. No er det mange fleire som har kome på bana. Både det vi kallar offentlege aktørar, som NASA, men også ein del private aktørar knivar om å kome seg både hit og dit, og særleg om månen, fortel han på telefon til Framtida.no.

Spesielt Kina er på frammarsj. Kinesarane er allereie i gang med å bygge ein eigen romstasjon, og dei har eit stort, eige romprogram.

Museum over eiga fortid

Kva er det med månen som gjer han så interessant å konkurrere om?

Romkappløpet handlar til dels om prestisje, forklarar Johannessen. Stormaktene i verda er opptekne av å vise dei andre kven som er størst og best. Men fagsjefen for bemanna romfart og utforsking meiner utforskartrongen og vitskapen er det som driv dei som jobbar med det for alle landa.

Arvid Bertheau Johannessen er
fagsjef for bemanna romfart og utforsking hos Norsk Romsenter. Foto: Norsk Romsenter.

– Ved å finne ut meir om universet, og ved å finne ut meir om månen og Mars, finn vi òg ut meir om vår eigen planet. Der ute har ting lege urørt, og blir eit slags museum over eiga fortid.

I det førre romkappløpet, handla mykje om å bevise at menneske faktisk kan reise til månen. Når ein først var der, var det sjølvsagt interessant å utforske og observere forholda der, men sidan det amerikanske Apollo-programmet vart lagt ned, har mykje handla om den internasjonale romstasjonen.

Romfart er svært dyrt og omfattande, og Apollo-programmet gjekk tom for pengar. I tillegg mista romfarta litt av merksemda etter at den første, sensasjonelle månelandinga var gjennomført. Sist eit menneske var på månen var i 1972.

Romfart i 2022

I 2022 var det 186 vellukka oppskytingar, noko som er ny rekord i romhistoria.

Så mykje pengar (milliardar amerikanske dollar) brukte dei ulike nasjonane på romfart i 2022:

  • USA: 61,97
  • Kina: 11,94 
  • Japan: 4,90 
  • Frankrike: 4,20 
  • Russland: 3,42 
  • EU: 2,60
  • Tyskland 2,53 
  • India: 1,93

Kjelde: Euroconsult via Statista

Bensinstasjon på månen

Men mykje har skjedd sidan den gong. I dag finst det ny teknologi og nye spørsmål har kome opp. Grunnen til at «alle» er interesserte i å lande på månen sin sørpol no, er at det er observert is der.

– Kva består han av? Det er jo ikkje drikkevatn, men kva kan ein bruke han til? spør Johannessen entusiastisk.

Tanken er å etablere ein meir varig forskingsstasjon på månen, slik at menneske kan opphalde seg der over lengre tid. Då treng ein ressursar på staden, for det er dyrt og lite ein kan ta med seg til månen.

Område ved sørpolen til månen ligg i meir eller mindre permanent skugge, og det betyr at isen ikkje smeltar. Eit månedøgn varar i 28 dagar. Ein har 14 dagar med dag og 14 dagar med natt. Temperaturen på månen kan kome ned mot -200 grader celcius om natta og opp mot +120 grader om dagen.

– Når du er der på natta er det ikkje akkurat trivelege forhold. For å overleve månenatta må du sørgje for energi, og solceller vil ikkje fungere. Så ressursjakta er ein viktig del av kappløpet.

Og difor er ein så interesserte i om det er vatn der.

– Kanskje kan ein lage drivstoff, for å kome seg tilbake til jorda eller vidare til Mars. Ein ser for seg månen som ein mellomstasjon, eller ein slags bensinstasjon, for reiser vidare. Mars er det neste spanande målet.

Oppskyting av det indiske Chandrayaan-3-fartøyet, som vann kappløpet om månens sørpol. Foto: Indian Space Research Organisation (GODL-India) via Wikimedia Commons.

Menneske på Mars

Arvid Bertheau Johannessen trur menneske kan vere på Mars i løpet av dei neste tjue åra.

Planen er at menneske skal vere tilbake på månen i løpet av 2020-2030-talet, og den første realistiske måneferda med menneske er den statlege amerikanske romfartsorganisasjonen NASA sitt Artemis-program. Det vil ha menneske på månen i løpet av 2025-26.

Noreg er òg med i romkappløpet gjennom Artemis-programmet, for vi leverer teknologi og utstyr, spesielt gjennom medlemskapet i den europeiske romfartsorganisasjonen ESA.

– 2030-talet er tiåret då vi kjem tilbake til månen i større grad, og på 2040-talet skal vi til Mars med folk, seier Johannessen, og legg til at vi allereie er der med robotar.

Men reiser og utforsking av Mars er ei heilt anna utfordring enn månen.

– Der er reisetida minst eit halvt år berre for å kome seg dit, og forholda er meir ekstreme. Ein må også ha ein plan for å få folk tilbake.

Artemis-programmet

Artemis er eit romprogram leia av NASA, i samarbeid med ESA, JAXA, CSA og komersielle romselskap.

Føremålet til programmet er utforske månen og å førebu bemanna reiser til Mars.

Artemis-programmet har tre fasar:

Artemis 1: Å sende eit ubemanna fartøy rundt månen. Dette vart gjennomført mellom 16. november og 11. desember 2022.

Artemis 2: Bemanna fartøy som skal reise rundt månen. Reisa er planlagt gjennomført i 2024.

Artemis 3: Skal lande på månen med menneske. Det blir NASAs første landing med menneske i nærleiken av sørpolen til månen. Det er planlagt for 2025.

Kjelde: NASA og Arvid Bertheau Johannessen ved Norsk Romsenter

Nødvendig med samarbeid

Den internasjonale romstasjonen, verdas mest avanserte forskingslab, går framleis rundt jorda. Han har vore eit internasjonalt samarbeidsprosjekt, men etter romstasjonen blir tatt ut av drift i 2030, vil private aktørar kome på bana og forsøke å lage romstasjonar.

– Er du bekymra over mindre samarbeid og at meir blir privat?

– Eg tenker at i romfart er samarbeid heilt nødvendig. Det er veldig få land som har råd og kapasitet til eigne komplette romprogram, og dei største bragdene er basert på fredeleg samarbeid.

USA, Kina, India og Russland er rekna som dei største og mest sjølvstendige romnasjonane, men òg Japan og Canada satsar mykje, forklarar Johannessen.

Han fortel at det har danna seg blokker innan romfarta. Kina samarbeider gjerne med Russland, og ikkje noko særleg med USA. Europa har noko samarbeid med Kina, men mindre no enn tidlegare. USA samarbeider ein del med Europa og Japan. Fleire land i Afrika og Sør-Amerika satsar òg, men desse står førebels litt på sida av dei store blokkene. Men Sør-Afrika har til dømes blitt partnarar i Kina sitt månebaseprosjekt ILRS.

– Om det er direkte farleg eller sunn konkurranse, er vanskeleg å seie. Men det er viktig at ein blir einige om gode køyrereglar for korleis oppføre seg i rommet. Det som er i rommet, er det eigentleg ingen som eig. Det er allemannseige. 

Og det er risikabelt å rote med universet.

– Vi må passe på å ikkje ta med noko dit som kan øydeleggje «museet», og må vere forsiktige og behandle det med respekt.