Vekas viktigaste: Sabotasjetrussel, helikopterstyrt og hetebølgje
Øvst frå hetebølgja i India, i midten frå gravferda til den sitjande presidenten i Iran og nedst Israels statsminister Benjamin Netanyahu. | Foto: AP Photo/Manish Swarup, Iranian Presidency Office via AP, Abir Sultan/Pool Photo via AP, File
Irans sitjande president er daud etter ein helikopterstyrt, India kokar og ICC vil fengsla leiarar for Israel og Hamas. Her er nokre av vekas viktigaste saker.
Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Irans president døydde
Søndag døydde Irans ultrakonservative president Ebrahim Raisi (63) i ein helikopterkræsj nordvest i landet.
Landets utanriksminister Hossein Amir-Abdollahian og andre høgtståande personar døydde òg i styrten, melder CNN.
Måndag vart landets visepresident Mohammad Mokhber godkjent som fungerande president av Irans øvste leiar Ayatollah Ali Khamenei.
Ifølgje landets lover må eit nytt val haldast innan 50 dagar.
Måndag annonserte landets statlege nyheitskanal IRNA at presidentvalet vil finna stad fredag 28. juni. Kandidatane kan registrera seg i perioden 30. mai til 3. juni og valkampen vil vara frå 12. juni til 27. juni.
Raisi vart valt til president i Iran i 2021 og var sett på som ein potensiell etterfølgjar til Ayatollah Ali Khamenei (85).
Torsdag var det gravferd for president Ebrahim Raisi og dei andre som døydde i helikopterstyrten søndag. | Foto: Iranian Presidency Office via AP
Både Frankrike og Noreg har uttala støtte til domstolen etter aktor bad om arrestasjonane.
Om arrestordren skulle bli vedteke er dei 124 medlemslanda plikta til å utlevera personane. Dette betyr at Noreg og Palestina som medlemsland vil verta omfatta av ein slik arrestordre, medan USA og Israel ikkje er med.
Israel sin nære allierte USA reagerer på si side sterkt på søknaden.
– Uansett kva aktoren måtte antyda, er det ingen likskapar mellom Israel og Hamas, sa Biden måndag ifølgje NRK.
Den amerikanske presidenten uttala at det som skjer på Gaza ikkje er folkemord og uttrykte støtte til landet.
Òg Israels statsminister Benjamin Netanyahu reagerer sterkt.
Israels statsminister Benjamin Netanyahu fotografert i 2023. | Foto: Abir Sultan/Pool Photo via AP, File
Fleire daude etter scenekollaps i Mexico
Onsdag kveld kollapsa ei scene over deltakarar og publikum under eit valkamparrangement i den mexicanske byen San Pedro Garza i delstaten Nuevo Leon, ifølgje VG.
Minst ni personar skal vera daude og over 120 skadde etter at scena vart teke av vind.
Hendinga skjedde medan presidentkandidat Jorge Álvarez Máynez stod på scena.
– Eg har det bra og er i kommunikasjon med statlege styresmakter for å følgja opp det som har skjedd. Det einaste viktige akkurat no er å ta vare på ofra for ulykka.
Valkampmateriell ligg på bakken medan trygginsstyrkar sikrar området etter ei scene kollapsa og tok livet av minst ni personar og skada minst 15 i Mexico | Foto: AP Photo/Alberto Lopez
– Palestinarane har ein grunnleggjande, sjølvstendig rett til ein eigen stat. Både israelarar og palestinarar har rett til å leva i fred i kvar sin stat. Det kan ikkje bli fred i Midtausten utan ei tostatsløysing, sa Støre i ei pressemelding.
Noreg blir då det 144. landet i FN som anerkjenner Palestina som stat. Dette skjer 75 år etter Noreg anerkjende Israel i 1948.
Irland og Spania meldte òg at dei anerkjenner Palestina.
Statsminister Jonas Gahr Støre (t.h) og utanriksminister Espen Barth Eide under pressekonferansen om Noreg si anerkjenning av Ukraina. | Foto: Mathias Rongved/Utenriksdepartementet
Hetebølgje i India
På måndag var temperaturen i Delhi i India 47,4 grader. Myndigheitene bestemte difor å stenga skulane og gje barna tidleg sommarferie, skriv The Guardian. Skular andre stader i India, som i Haryana, Madhya Pradesh, Punjab og Rajasthan, blei også stengde.
Indiske meteorologar melder om «alvorleg hetebølge» denne veka. På grunn av klimaendringane kjem hetebølgjer i India oftare, dei er lengre og meir intense, skriv Framtida Junior.
Ein mann drikk vatn frå ein stasjon i den indiske hovudstaden New Dehli der pendlarar får gratis påfyll. | Foto: AP Photo/Manish Swarup
PST melder om auka fare for sabotasje mot våpenprodusentar
Onsdag arrangerte PST (Politiets tryggingsteneste) ein pressekonferanse. Saman med Etterretningstenesta har dei sett på faren for sabotasje i Noreg.
Dei har funne ein auka sabotasjetrussel mot norske våpenprodusentar som leverer til Ukraina. Blant desse er bedriftene Nammo, Kongsberg Gruppen og Chemring Nobel, ifølgje NRK.
– Me meiner at Russland no ser seg tent med å gjennomføra sabotasje i europeiske land, for å svekka den ukrainske forsvarsevna, sa kontraetterretningssjef, Inger Haugland i PST under ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.
Kommunikasjonssjef i Nammo, Thorstein Korsvold, seier til NRK at dei har skjerpa tryggleiken.
– Me har opplevd truslar og hendingar som gjer at me er ekstra på vakt, og me vil oppmoda publikum til å ta kontakt med politiet om ein skulle sjå eller oppleva noko mistenkeleg, sa han.
Løveparet Kira og Mufasa fekk natt til laurdag fire løveungar. Tre av desse overlevde.
Fødselen er viktig fordi løvene er ein del av eit internasjonalt bevaringsprogram i dyreparkorganisasjonen EAZA (European Association of Zoos and Aquaria). Programmet har som mål å halda ein sunn bestand med løver i dyreparkar, som ein reserve for framtida.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.