Noreg anerkjenner Palestina – Israel trekker diplomatar

Frå 28. mai anerkjenner Noreg Palestina som stat. – Det kan ikkje bli fred utan ein palestinsk stat, seier Støre.

Oda Sundgot
Publisert

På ein pressekonferanse i dag meldte statsminister Jonas Gahr Støre og utanriksminister Espen Barth Eide at Noreg anerkjenner Palestina.

– Den einaste varige løysinga på konflikten, det er langt fram, er ei tostatsløysing der ansvarlege palestinske styresmakter tar ansvar for vidare utvikling og oppbygging, seier Støre.

Noreg blir då det 144. landet i FN som anerkjenner Palestina som stat. Dette skjer 75 år etter Noreg anerkjende Israel i 1948.

Irland og Spania meldte òg at dei anerkjenner Palestina.

– Eg er sikker på at fleire land vil ta dette steget med oss i dei neste vekene, seier den irske statsministeren Simon Harris i ein pressekonferanse.

Fleire år med kamp

Kirkens Nødhjelp sin ungdomsorganisasjon, Changemaker, jublar.

– Dette er på høg tid! Endeleg stiller Noreg seg på rett side av historia, og bidreg til ein viktig siger i palestinaranes fridomskamp, skriv leiar i Changemaker, Marte Hansen Haugan, i ei pressemelding.

Ho legg vekt på kor viktig aktivisme har vore.

– Folk har stått på barrikadane for å seie ifrå om kor viktig norsk anerkjenning er. Statsministeren si annonsering i dag er eit resultat av at aktivistar, organisasjonar og vanlege folk har kjempa dette fram i fleire år, seier Hansen Haugan.

Har venta på dette

Meldinga om at Noreg vil anerkjenne Palestina har vore venta ei stund.

I november stemte Stortinget nei til Raudt sitt forslag om å anerkjenne Palestina. Kompromissløysinga blei at regjeringa kunne anerkjenne Palestina om det ville telje positivt i ein fredsprosess. Regjeringa kunne då bestemme seg for å anerkjenne Palestina på eigehand. Det har dei gjort i dag.

Noreg stemte òg ja til palestinsk medlemskap i FN tidlegare i mai.

Noreg har tidlegare hatt diplomatiske bindingar til både Palestina og Israel sidan Oslo-avtalene i 1993 og 1995.

Då var Noreg med å legge til rette forhandlingar mellom Israel og Palestina. Resultatet blei at Palestina fekk avgrensa sjølvstyre i enkelte lommer i dei okkuperte områda og at begge partane skulle avstå frå vald.

Verken Israels statsminister Benjamin Netanyahu eller Hamas anerkjenner Oslo-avtalene.

Sidan 2011 har vi hatt eit palestinsk representasjonskontor i Oslo. Kontoret blir no ein ambassade.

Slutt på norsk mekling?

Med anerkjenninga av Palestina blir Noreg sin rolle som meklar mellom Israel og Palestina meir usikker.

Israel kallar tilbake diplomatane i Noreg og Irland. Utanriksministeren i Israel, Israel Katz, meiner dette sender signal om at «terrorisme lønner seg.»

– I dag sender eg ein tydeleg bodskap til Irland og Noreg: Israel vil ikkje la dette passere stille, seier Katz.

Israels ambassadør i Noreg, Avi Nir-Feldklein, blei intervjua av NRK 15. mai. Då gjorde han det klart at ei anerkjenning av Palestina ville ha dårleg innverknad på Noreg sitt forhold til Israel.

Frp-leiar Sylvi Listhaug. Pressefoto: Frp

Frp-leiar Sylvi Listhaug meiner Noreg har spelt ut rolla si som fredsmeklar.

– Framstegspartiet støttar ei tostatsløysing, men vi må vere sikre på at vi ikkje anerkjenner det som kan vere eit islamistisk diktatur, seier ho til NRK.

–Med denne symbolske handlinga, som ikkje har noka reell betyding, har regjeringa utspelt Noreg si rolle som fredsmeklar.

Utanriksministeren har jobba for å lage ein fredsplan med arabiske utanriksministrar og europeiske representantar. Fredsplanen vil gi sikkerheitsgarantiar til Israel og demobilisere væpna grupper som Hamas.

– Vi vil jo ikkje ha ein «Hamas-stat», men éin palestinsk stat som politisk sett heng i hop, sa Barth Eide til NTB tidlegare i vår.

Den internasjonale straffedomstolen har kome med arrestordre på Israel sin statsminister og forsvarsminister, i tillegg til tre Hamas-leiarar. Barth Eide stadfestar til Nettavisen at Netanyahu risikerer å bli utlevert om han kjem til Noreg.