«Kva skjer når personar som kjøper sigarettar og snus, ber uniform og er på jobb?»
Uniforma til helsepersonell og tobakksvarer er ein dårleg kombinasjon, meiner bioingeniørstudent Nawisa Falahzadeh.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Som ein student innanfor helsefag, har eg alltid sett opp til helsepersonell som rollemodellar for sunn livsstil. Dei er førebileta våre på vegen mot god helse og velvære, og uniformene deira symboliserer forpliktinga til å fremje helse. Men kva skjer når personar som kjøper sigarettar og snus, ber uniform og er på jobb?
Som ein som har gått gjennom helsefagutdanninga og no studerer bioingeniørfag, har eg lært betydninga av å vere ein rollemodell for andre når det gjeld helse.
Helsepersonell er ikkje berre ansvarlege for å gi behandling; dei er også ambassadørar for sunne vanar og livsstilar.
Når helsepersonell kjøper tobakksprodukt medan dei har på seg uniforma si, sender dei ein motstridande bodskap. Dei kan vere dyktige fagpersonar i sine felt, men handlingane deira risikerer å undergrave autoriteten deira som rådgivarar for sunn livsstil.
Det er viktig å erkjenne at helsearbeidarar også er menneske, og dei kan ha eigne utfordringar og avhengnader.
Likevel bør dei vere klar over den rolla dei speler som rollemodellar, spesielt når dei er i offentlegheita iført uniformene sine.
Som studentar innanfor helsefag og framtidige helsepersonell er det viktig for oss å reflektere over den viktige rolla vi kjem til å spele som rollemodellar i samfunnet. Vi må hugse på at handlingane våre taler høgare enn orda våre, og at integriteten vår som helseambassadørar er avgjerande for den tilliten vi har frå pasientar og samfunnet.