Vekas viktigaste: Russebuss-bråk og ny sikkerheitslov i Hongkong
Vladimir Putin og John Lee har saman med ein ny klimarapport vore noko av det ein har snakka om den siste veka i nyheitene. | Foto: AP Photo/Alexander Zemlianichenko, Ant Rozetsky / Unsplash, AP Photo/Louise Delmotte
Hald deg oppdatert på sakene som prega nyheitsbiletet den siste veka.
Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Klimarapport: Dystre rekordar i 2023
Ein rapport frå Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) slår fast at 2023 var eit rekordår for havtemperaturar, issmelting i Antarktis, tilbaketrekking av isbrear og havnivåstiging.
Rapporten stadfestar at fjoråret er det varmaste som er registrert. Den globale gjennomsnittstemperaturen låg 1,45 gradar over førindustrielle målingar.
– Det vi var vitne til i 2023, særleg med havtemperaturar utan sidestykke, isbrear som trekte seg tilbake og tap av sjøis i Antarktis, gir stor grunn til bekymring, seier generalsekretær i Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) Celeste Saulo i ei pressemelding.
Ifølgje rapporten opplevde 90 prosent av havet hetebølgjeforhold i løpet av 2023, noko som påverkar økosystema i havet og korallrev.
Hetebølgjer, flaum, tørke, skogbrannar og tropiske syklonar skapte kaos, øydela kvardagen til millionar av menneske og førte med seg økonomiske tap på mange milliardar dollar, skriv organisasjonen.
På ein gjennomsnittleg dag i 2023 var nesten ein tredel av havet på jorda råka av ei marin hetebølgje, ifølgje rapporten. | Foto: Ant Rozetsky / Unsplash
Russebuss-dekor skapar debatt
Kvinnegruppa Ottar politimelde denne veka ein russebuss i Bryne for å ha motiv som dei meiner er pornografisk innhald. Motivet syner ei naken kvinne og mann som har sex. Kvinnegruppa Ottar meiner illustrasjonen er kvinnefiendtleg.
Politiet har lagt bort saka fordi det ikkje vart rekna som noko straffbart, men saka har ført til debatt om haldningar i russetida.
– Som far og bestefar reagerer eg sterkt på det, fordi det er ei understreking av ei seksualisering av russetida, som vi ikkje vil ha – og som vi dessverre høyrer om frå elevar, som er i ein alder då det kan vere for belastande for mange, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
Mødrene til to av medlemmane på russebussen har uttalt at dei ønskjer at borna skal måle over motivet, men russegjengen står for innhaldet og vil ikkje beklage.
Kvinnegruppa Ottar vil ta saka vidare, og meiner illustrasjonen bryt med likestillings- og diskrimineringslova om forbod mot å trakassere.
Regjeringa varsla denne veka at russetida skal endrast. Dei vil mellom anna flytte russetida til etter eksamen, gjere bussane tryggare og utvikle ein nasjonal strategi- og handlingsplan som for ei ny og meir inkluderande russefeiring.
Motivet på ein russebuss har skapt overskrifter denne veka. | Illustrasjonsfoto: Beate Oma Dahle / NTB
Hongkong har vedteke ei ny sikkerheitslov, som blir kalla artikkel 23. Lova inneber mellom anna at ein kan få livstid i fengsel for forræderi og opprør.
Styresmaktene i Hongkong, som er lojale til Kinas president Xi Jinping, meiner lova er naudsynt for å sikre stabilitet. Hongkong-leiar John Lee har sagt at lova beskyttar mot potensiell sabotasje og krefter som prøver å skape problem, spesielt idear om eit uavhengig Hongkong, ifølgje BBC.
USA, Storbritannia og EU har åtvara mot at lova kan innskrenke fridomen i Hongkong ytterlegare, skriv NRK.
Hongkong har frå før av ei sikkerheitslov vedteken i 2020 som forbyr lausrivingsrørsler, statsfiendtleg verksemd, terrorisme og samarbeid med framande makter.
Hongkongs leiar John Lee på ein pressekonferanse etter at sikkerheitslova vart vedteken. | Foto: AP Photo/Louise Delmotte
Regjeringa vil ha strengare «exit-skatt»
Denne veka presenterte finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) eit forslag til ein ny og strengare skatt for rike folk som flyttar frå Noreg.
Fleire rikingar har dei siste åra flytta til Sveits. Vedum seier alle skal bidra, og at dei som har aller mest ikkje kan stikke frå rekninga.
Sidan november 2022 har dei som flyttar måtta betale utflyttarskatt, men dei har kunna utsette han på ubestemt tid.
Med det nye forslaget blir det innført ei grense på 12 år.
– Det handlar om rettferd. Når du flyttar er det rett at du skal betale skatt for det du har tent i Noreg. Så må det vere romsleg og rimeleg, og difor ein 12-årsregel. Det kan vere nokre vil bu i utlandet ein periode og flytte heim igjen, seier finansministeren ifølgje NRK.
Skatten vil gjelde viss ein har ein gevinst på over 500 000 kroner. Forslaget er sendt på høyring med frist 21. mai.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) la fram ein strengare skatt for rike folk som flyttar ut av Noreg denne veka. Her er han saman med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på budsjettkonferansen for 2025 på Klækken hotell. | Foto: Javad Parsa / NTB
Putin med over 87 prosent av stemmene i Russland
Søndag vart Vladimir Putin president i Russland for femte gong. Han fekk 87,8 prosent av stemmene, noko som er ti prosentpoeng meir enn ved valet i 2018.
Putin fekk endra den russiske grunnlova slik at han kunne stille til val for ein femte presidentperiode, forklarar Julie Wilhelmsen i Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI). Ho meiner valet av Putin ikkje er lovleg.
– Det har openbert blitt meir juks og meir brutalitet, seier ho til NRK.
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) kallar det russiske valet udemokratisk.
– Det såkalla valet i Russland var verken fritt eller rettferdig gjennomført. Det har ikkje vore eit val slik vi kjenner det frå demokrati, seier han.
Vladimir Putin feirar at han går inn i ei femte presidentperiode. | Foto: AP Photo/Alexander Zemlianichenko
Lyspunkt: Fleire søkjer seg til yrkesfag
Søkjartalet til yrkesfag aukar. I år har over halvparten av dei som har søkt vidaregåande opplæring til hausten yrkesfag som førsteval, noko som er det høgaste sidan 2021.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier dei har jobba for å få fleire til å søkje yrkesfag, fordi vi treng dyktige fagarbeidarar framover.
– Det er dei som skal vere med på å løyse dei store samfunnsutfordringane vi har framfor oss, seier ho i ei pressemelding.
Helse- og oppvekstfag er mest populært. Deretter følgjer teknologi- og industrifag som det nest mest populære yrkesfaglege studieprogrammet for søkjarane.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.