Vekas viktigaste: Habilitetskritikk, kjønnsdebatt og Nato-ja
Har du følgt med på nyheitene denne veka, er det truleg at du har fått med deg FpU-leiar Simen Velle, traktor-demonstrasjonar og Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget. | Foto: Ole Berg-Rusten / NTB, AP Photo/Nicolas Landemard, Terje Pedersen / NTB, kollasj av Framtida.no.
Her er nokre av sakene som har prega mediebiletet den siste veka.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kontrollkomitéen med habilitetskritikk
Stortinget sin kontrollkomité har granska habilitetssakene i norsk politikk. Komitéen kan gje ulike gradar av kritikk, der den mildaste reaksjonen er «alvorleg», før «kritikk», «sterk kritikk», og eventuelt mistillitsforslag.
Ein einstemmig komité konkluderer med sterk kritikk av Erna Solberg (H) i handteringa av ektemannens aksjesak.
– Ein samla komité meiner at Stortinget bør vedta at det er sterkt kritikkverdig at Erna Solberg i si tid som statsminister var inhabil i fleire saker behandla av regjeringa hennar, sa saksordførar Grunde Almeland (V).
Elles får tidlegare utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) kritikk frå fleirtalet, og sterk kritikk frå Høgre, Frp og Venstre. Noverande arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) får kritikk frå fleirtalet, og sterk kritikk frå Høgre og Frp.
Tidlegare forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) og tidlegare kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) får ingen kritikkvedtak mot seg.
Kontrollkomiteen gir òg kritikk til Solberg-regjeringa og Støre-regjeringa for dårlege habilitetsrutinar.
Saksordførar Grunde Almeland (V) legg fram innstillinga i habilitetssakene, som kontroll- og konstitusjonskomitéen har jobba med sidan juli i 2023. | Foto: Terje Pedersen / NTB
Menneskerettsaktivist Oleg Orlov er dømd til to og eit halvt år i fengsel i Russland. Orlov er ein av leiarane av menneskerettsorganisasjonen Memorial, som no er forboden. Organisasjonen fekk Nobels fredspris for arbeidet sitt i 2022.
Orlov vart i fjor dømt til å betale ei bot for å ha skrive ein artikkel der han kritiserer Russland for å vere fascistiske under Putin si leiing. Dommen vart anka.
Han var no tiltalt for å ha krenkt Russland sine væpna styrkar, skriv NRK. Menneskerettsforkjemparen har kritisert Russlands krigføring i Ukraina. Under rettssaka fordømte han måten russiske styresmakter undertrykker politiske meiningsmotstandarar, og trekte fram Aleksej Navalnyj.
Straffa på 2,5 år skal sonast i ein arbeidskoloni.
Menneskerettsforkjempar Oleg Orlov blir varetektsfengsla under rettsmøtet. | AP Photo/Alexander Zemlianichenko
Helikopterulukke utanfor Sotra
Eit helikopter havarerte onsdag kveld utanfor Sotra i Øygarden kommune i Vestland.
Seks personar var involvert i ulukka, som skjedde under eit øvingsoppdrag for Equinor. Ein person er stadfesta omkommen, medan ein er alvorleg, men ikkje lenger kritisk skadd. To er stabile og to er skrivne ut frå Haukeland sjukehus.
Den omkomne er ei kvinne i 60-åra som arbeidde som sjukepleiar og var tilsett i Equinor. Pårørande er varsla. Dei andre fem er tilsette i selskapet Bristow, som flyr mannskap til og frå oljeplattformer i Nordsjøen.
Helikoptertypen Sikorsky S-92 har tre gongar sidan 2020 hatt alvorlege maskinfeil i Noreg, skriv BT.
Årsaka til ulukka er førebels ukjent. Havarikommisjonen søker etter ferdsskrivaren, kjent som den «svarte boksen», til helikopteret.
Fleire selskap har no stansa helikoptertrafikken sin.
Redningsskøyta «Kristian Gerhard Jebsen II» leita etter og gjorde funn av enkelte vrakrestar etter helikopterulukka utanfor Sotra onsdag kveld. | Foto: Redningsselskapet / handout / NTB
Nato-ja til Sverige
Denne veka godkjente Ungarns parlament at Sverige blir med forsvarsalliansen Nato. Dei har vore siste hinder på vegen for svenskane, etter at Tyrkia tidlegare gjekk med på å ta dei inn.
Både Sverige og Finland søkte om Nato-medlemskap våren/sommaren 2022, men det har trekt ut for Sverige.
No har alle medlemmene i Nato godkjent Sverige, som blir den 32. allierte, skriv Nato-sjef Jens Stoltenberg på X, og legg til at det vil gjere organisasjonen sterkare.
Det står likevel att litt papirarbeid frå Ungarn før Sverige kan bli tatt opp i alliansen. Presidentens underskrift manglar, og landets nyvalde president Tamás Sulyok tiltrer først 5. mars, skriv VG.
Sveriges statsminister Ulf Kristersson og Nato-sjef Jens Stoltenberg på ein pressekonferanse. | Foto: Jonas Ekstromer/TT News Agency via AP
Kjønnsdebatt etter FpU-utspel
Ein TikTok-video med Simen Velle, leiaren av Framstegspartiets Ungdom, som blei publisert av TV 2 har starta ein debatt om menn og likestilling.
I videoen seier Velle at «nokre veldig få menn eigentleg har tilgang på alle jentene, og dei fleste av oss gutta eigentleg ikkje får oss noko som helst». Han seier at det har blitt eit politisk problem, og peikar på at kvinnekampen dei siste 50 åra har stått i sentrum i Noreg.
– All likestillingspolitikk har handla om å løfte kvinnene, og det har gått på kostnad av oss menn, seier han i videoen, som har over 470 000 visningar.
Det førte til mange reaksjonar. Ein av dei som tok til motmæle var Sentrum-politikar Simen Bondevik, som kallar videoen eit skikkeleg bomskot. Han meiner kvinner ikkje skuldar menn sex, og at ein heller burde snakke om kva vi kan gjere for å styrke menns psykiske helse.
Videoen har likevel fått mange reaksjonar i form av kronikkar og var tema i Debatten på NRK, der fleire av ungdomspartia var representerte.
Simen Velle, leiar av Framstegspartiets Ungdom (FpU). | Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Klimalov vedteken av EU-parlamentet
Den siste tida har bønder demonstrert i fleire europeiske byar på grunn av ei ny klimalov. Til dømes blokkerte om lag 1000 traktorar EU sitt hovudkvarter i Brussel.
Den nye lova inneber mellom anna at medlemslanda i EU må restaurere minst 30 prosent av øydelagde grøntområde og våtmarker innan 2030, skriv NRK. Lova har vidare mål for biologisk mangfald i landbruket, og myr og torvområde skal bli restaurert. Lova gir dårlege vilkår for landbruket, ifølgje bøndene som demonstrerer.
Då EU-parlamentet denne veka skulle stemme over lova, snudde den største partigruppa EPP, og stemte mot. Likevel vart det fleirtal for å vedta lova. Før ho kan tre i kraft må lova òg bli vedteken av EUs ministerråd. Reuters skriv at det er uvisst om det er fleirtal der etter EPPs snuoperasjon.
Traktorar i Brussel. | Foto: AP Photo/Nicolas Landemard
Lyspunkt: Målrørsla jublar over nynorsk-vedtak i Telemark
Nye Telemark fylkeskommune har vedteke å vere eit språknøytralt fylke som skal bruke minst 40 prosent nynorsk.
– Vedtaket er eit godt og forpliktande vedtak for nynorsken i Telemark, seier leiar Einar Søreide i Telemark Mållag i ei pressemelding.
Også leiaren av Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge er nøgd med at nynorsken vil vere synleg i arbeidet til fylkeskommunen.
– Telemark fylke er både nynorsk og bokmål. Då var det viktig at fylkestinget vedtok eit kompromiss for begge dei to skriftspråka, uttalar han.
Telemark har eit variert natur- og språklandskap. Her frå VM i klassisk i 2019 med Guro Helde Kjølseth. I bakgrunnen er Gaustadtoppen og Rjukan. | Foto: Terje Pedersen / NTB
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.