Fekk naudvarsel på nynorsk: – Vi blir tekne på alvor
Det viser styresmaktene at det ikkje skal så mykje til for å vere reelt tospråklege, meiner leiaren i Noregs Mållag.
– Dette er veldig bra!
Det skriv mållagsleiar Peder Lofnes Hauge på e-post til Framtida.no etter at mobilen hans ulte klokka tolv i dag. Då sende styresmaktene ut naudvarsel til mobilar, for å teste Sivilforsvaret sitt naudvarslingssystem.
«Nokon må gå»
Sist dei gjorde det same, var han derimot ikkje like nøgd.
«Snakk om krasjlanding. Kva er vitsen med slike varsel om det berre er enno eit utslag av det statlege bokmålsveldet. Nokon må gå.», skreiv nynorsk-leiaren på Twitter etter å ha fått meldinga på bokmål.
Seniorrådgjevar i Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap Henriette Magnussen sa til Dagbladet at dei ønskte ei lesarvennleg og tydeleg melding utan for mykje tekst. Difor brukte dei berre ei målform.
No på nynorsk
No har dei altså snudd, for både Framtida.no sine journalistar og leiaren av Noregs Mållag kan melde om at dei fekk naudmeldinga både på bokmål og nynorsk denne gongen.
– Det viser at vi blir tekne på alvor og viser styresmaktene at det ikkje skal så mykje til for å vere reelt tospråklege, uttalar Hauge.
● Les også: Mållaget feira Nobel-Fosse med 15.000 medlemer