Vil gjera det lettare å handla etiske klede
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Hareide utfordrar Horne
Det skriftlege spørsmålet frå Krf-leiaren til forbrukarminister Solveig Horne (Frp) kjem etter at det den siste tida har vore mykje fokus på – og engasjement rundt – forholda for tekstilarbeidarane som syr kleda som vert selt i norske butikkar. Hardeide nemner mellom anna webtv-serien «Sweatshop» – som er eit samarbeid mellom Aftenposten og Framtiden i våre hender – der norske ungdommar får eit møte med tekstilindustrien i Kambodsja. Snart ein halv million nordmenn har sett serien.
LES OGSÅ: Forbrukarane har makt
Bevisste forbrukarar
Statsråd Hareide viser til at det dei siste åra har vorte avdekkja ei rekkje eksempel på systematiske brot på menneskerettane og arbeidsrettane for dei tilsette i klesfabrikkane i andre delar av verda.
«Mange forbrukere er opptatt av å ikke bli medskyldige i menneskerettighetsbrudd, men det er vanskelig å finne informasjon om forholdene klærne er produsert under.Hvordan har statsråden tenkt å sikre at norske forbrukere får nødvendig informasjon om forholdene i produksjonen av varene før de velger?», spør Hareide forbrukarministeren.
Framtiden i våre hender er einig med Hardeide i at det ikkje er lett for forbrukarane å ta gode og velinformerte val slik stoda er i dag.
– Det er viktig at Solveig Horne no ryddar opp, og at ho set strenge krav til kleskjedene. Me krev å få vete korleis kleda våre vert produsert. Nordmenn ynskjer å kjøpe klede som er laga under verdige forhold der arbeidarane får den løna dei fortener, seier Arild Hermstad, leiar i Framtiden i våre hender, i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Svar frå motehus provoserer
Vis eller forsvinn
Over 14.000 nordmenn har no skrive under på Framtiden i våre hender sin kampanje «Jeg vil gi tieren min», som går ut på at dei er villig til å betale litt meir for at tekstilarbeidarane skal få ei løn dei kan leve av.
Hermstad meiner det no er ein klesrevolusjon på gang, og at forbrukarane er i ferd med å vakne.
– Kleskjedene som kan syne at dei som produserer på ein etisk måte, vil verte dei store vinnarane, medan dei som ikkje vågar å syne fram korleis kleda vert produsert, vert straffa av forbrukarane, tape pengar og forsvinne frå marknaden, meiner Hermstad.