Svar frå motehus provoserer

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den siste tida har Facebook-veggane til kleskjeder som Bik Bok og Vero Moda vorte pepra med kritiske spørsmål frå kundar. Dei etterlyser ein plan for å betala tekstilarbeidarane skikkeleg og vil ha opne leverandørlister. Dei vil ha info om kven som lagar kleda og garantiar for arbeidsforholda og løna deira.

Fleire skriv at dei gjerne betalar ein tiar meir om arbeidarane får høgare løn. Det er ein del av Framtiden i våre hender sin kampanje: «Jeg vil gi tiern’n min», som har fått over 13.000 underskrifter på nettet.

LES OGSÅ: Vann fram mot kleskjede

Kundestorm
Ser vi starten på en klesrevolusjon? spurde ein kommentar i Aftenposten etter at meldingane tok til. «Når forbrukerne våkner, er de ikke nådige med dem som ikke har fulgt med og vist evne til ansvar og omstilling. For til syvende og sist, hvis man har informasjon til å ta riktige valg, hvem ønsker da å bidra til mer lidelse, undertrykkelse og utnyttelse?», skriv forfattaren avslutningsvis.

Ein kunde skriv i kommentarfeltet under biletet av to sommartoppar som Vero Moda har lagt ut på veggen sin: «Hei Vero Moda. Får tekstilarbeidarane som syr klærne dykkar lov til å fagorganisere seg?»

Ein annan: «Shortsen er ikke så veldig kul når vi ikke vet hva slags arbeidsforhold tekstilarbeiderne deres har og om de har en lønn å leve av. Ja til levelønn, nei til sultelønn!»

24. april byrja desse meldingane og i dag la Vero Moda ut eit svar på sine nettsider. Bik Bok har fått dei same spørsmåla under sine bilete og har svart fleire gongar med å vise til informasjon om Varner-gruppen sitt samfunnsansvar.

LES OGSÅ: Stor nedgang i barnearbeid

Arbeider med saka
Vero Moda skriv at dei støttar kravet om leveløn, men ikkje kan garantere betre løn for arbeidarane for ein tiar meir. Vidare skriv dei at bransjen går saman for å ytterlegare heve minsteløna i Bangladesh, som vart heva med 67 prosent i mars.

«Realiteten på våre leverandørfabrikker er likevel, at over 80% av arbeiderne får mer enn minstelønnen, og dessuten tilbyr mange av leverandørerne ekstra goder i form av årlige bonuser, betalt lunsj, legebehandlinger osv,» står det vidare i innlegget som vart posta på sida til Vero Moda tidlegare i dag.

Dei viser òg til eigarane i Bestseller-gruppa sin bærekraftrapport.

Misnøgd med svara
Leiar i Fremtiden i våre hender Arild Hermstad er glad for at forbrukarane tek saka i eigne hender og nyttar ytringsfridomen sin til å fortelje meiningane sine på Facebook-veggen til mellom anna Vero Moda.

– Butikkane prøver å selje eit glansbilete, medan me vil bidra med litt meir info, seier Hermstad, som ikkje oppmodar til boikott.

Kva kvar forbrukar vil gjere, er opp til dei.

Leiaren i Fremtiden i våre hender er skuffa, men ikkje overraska, over kjedene. Han meiner at Bik Bok sine innlegg om samfunnsansvar er for generelle, men er heller ikkje imponert over Vero Moda. Han meiner dei seier frå seg ansvar.

– Dei må inngå langsiktige avtalar for å sikre arbeidarane ei leveløn og dei svarar ikkje på når dette skal skje, seier Hermstad, og legg til at kjeda burde sikre leveløn på eigne fabrikkar, der dei trass alt har meir innflytelse enn på regjeringa i Bangladesh sine avgjerder om minstelønsnivået.

– Det er eit ganske provoserande svar. Først seier dei at dei ikkje kan sikre betre løn, så tek dei æra for løna på fabrikkane. Det burde vore enkelt for dei å offentleggjere fabrikkane sine. Slik det er no har forbrukarane all grunn til å fortsetje å hamre laus, seier han.

– Me meiner ikkje, at opne leverandørlister i seg sjølv gjer nokon forskjell – det høyrest bra ut, men det gjer ingen reell forskjell, skriv Jesper Stubkier, kommunikasjonsrådgjevar i Bestseller i ein epost til Framtida.no.

– Det som gjer ein forskjell er, at ein tek sitt samfunnsansvar seriøst og arbeider tett saman med sine leverandørar om heile tida å forbetre vilkåra.  Hjå Bestseller inneberer dette mellom anna at me arbeider på gjennomsiktigheit gjennom heile vår leverandørkjede ned til råvarenivå, skriv Stubkier vidare.

Han forklarar at Bestseller har avtale med ein uavhengig organisasjon, som har fullt innsyn i deira leverandørlister, og The Bangladesh Accord, for sikre bygg, sjølv om dei ikkje vil offentleg ut med fabrikklister av konkurransemessige omsyn.

Stubkier seier igjen at dei ikkje kan heve prisen på kleda med ti kroner for å gje dette direkte til arbeidarane. Bestseller tykkjer det er fint at folk gjev meiningane sine til kjenne, men skulle ynskje folk hadde set seg meir inn i saka gjennom informasjonen dei kjem med.

LES OGSÅ: Motebloggaren som slutta å shoppe

– Leveløn, ikkje berre minsteløn
Changemaker støttar aksjonen til Framtiden i våre hender og gjekk under deira parole i 1. mai-toget i Oslo.

Påtroppande leiar i Changemaker, Hanne Sofie Lindahl, merkar at forbrukarane er vorte meir bevisste.

– Ja, det er klart at forbrukarar vert meir bevisste på at det er mogleg å stille krav til kleskjedene. For gjennom massivt press kan ein faktisk vere med på å endre standardar. Eg trur særleg unge folk, som er opptatt av klede og mote, blir mobilisert gjennom slike kampanjar. Men det krev at fleire blir med og set fokus på arbeidarrettar, skriv Lindahl i ein e-post til Framtida.

– Kva krav bør forbrukaren stille til kjedene som sel oss varer?

– Det er rett og riktig å krevja at kleda me kjøper skal vere laga av menneskjer som har fått ei leveløn, og ikkje berre ei minsteløn. Gjennom press frå forbrukarane kan ein stille konsernsjefane til ansvar og skape endring på lokalt nivå. Rettferdig økonomisk fordeling gjennom leveløn er òg eit viktig middel for økonomisk vekst. Innføring av leveløn skaper velstandsauke i befolkninga gjennom auka kjøpekraft. Sterkare kjøpekraft skaper etterspurnad som igjen aukar tilbodet av varer og tenester – slik vert det skapt nye arbeidsplassar og positive økonomiske ringverknadar. Her kan me som forbrukarar vere med å auke presset og forbetre arbeidarrettane, meiner den påtroppande leiaren.

 – Korleis kan ein handle snilt?

– Ein kan handle snilt ved å spørje butikken du handlar klede i om arbeidaren som har sydd kleda har fått ei leveløn. Gjennom auka bevisstheit må kleskjedene ta ansvar. Men det beste handlingsalternativet er å bli med på kampanjar som denne frå FIVH, og engasjere seg i organisasjonar som jobbar for å forandre de urettferdige strukturane, avsluttar Lindahl.