Politikk og samfunn

«Changemaker må slutte å villeie om norsk våpeneksport»

Politisk nestleiar i Senterungdommen, Ibrahim Ali, meiner Changemaker villeier i kommunikasjonen sin.

Ibrahim Ali (25)
Politisk nestleiar i Senterungdommen med mastergrad i midtaustenstudium
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Marte Hansen Haugan og Changemaker må slutte å villeie om norsk våpeneksport.

Norsk våpeneksport er strengt regulert både knytt til kven som kan kjøpe våpen, kva slags forsvarsmateriell som kan kjøpast og korleis dette blir brukt av kjøpar.

Få land kan vise til like strenge reguleringar som det vi har her heime.

Likevel framstiller Changemaker det som at Noreg eksporterer massevis av dødelege våpen til Qatar, som vidare kan brukast mot sivile. Det er langt frå korrekt.

quote-left

Norsk våpeneksport er strengt regulert

quote-right

Luftvernsystemet NASAMS, som er meint å beskytte sivile liv, er det Kongsberg Gruppen har selt til Qatar. At Qatar valde å kjøpe toppmoderne luftvernsystem frå Kongsberg Gruppen skjedde i kjølvatnet av ein massiv blokade mot den vesle golfstaten frå Saudi-Arabia, Egypt, Dei sameinte arabiske emirata og Bahrain. Nabolanda ville stenge ned Al Jazeera og truga med krig. NASAMS i Qatar kan ikkje brukast mot sivile slik Changemaker gir inntrykk av.

Norsk våpeneksport er, og skal vere, strengt regulert, og det byggjer på ei brei politisk semje. Changemaker villeier i kommunikasjonen sin og det bør dei slutte med.