Politikk og samfunn

«Gratulerer med ny ministerpost, Barth Eide! No må du stramma inn»

Marte Hansen Haugan i Changemaker vonar den nye utanriksministeren vil læra av tidlegare feil.

Marte Hansen Haugan (23)
Leiar i Changemaker
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Anniken Huitfeldt (Ap) har gått av som utanriksminister, og Espen Barth Eide (Ap) har teke over styringa som landets nye utanriksminister. Fyrst og fremst vil eg gratulera Barth Eide med den nye rolla. Eg håpar leiarskapet hans vil føra med seg positive endringar og ei ny retning for Noregs utanrikspolitikk.

Samstundes vil eg nytta høvet til å reflektera over utfordringane og kontroversane som prega Huitfeldts si siste tid som utanriksminister. Ektemannens aksjekjøp i Kongsberg Gruppen, saman med regjeringas hemmelegheitskremming av norsk våpeneksport, har sett fokus på nødvendigheita av openheit og etisk ansvar i politiske verv. No som vi har ein ny utanriksminister, har vi òg ei moglegheit til å byrja på nytt og læra av tidlegare feil.

quote-left

Det er provoserande at Noreg eksporterer våpen til regime som bryt grunnleggjande menneskerettar

quote-right

Changemaker har lenge tatt til orde for ei meir restriktiv regulering av norsk våpeneksport, særleg til autoritære regime. Dette er ei bekymring som framleis er aktuell, og tala frå den årlege eksportkontrollmeldinga stadfestar dette.

Auken i våpeneksporten til land som Qatar har skapt sterke reaksjonar og reist etiske spørsmål. Det er provoserande at Noreg eksporterer våpen til regime som bryt grunnleggjande menneskerettar og undertrykkjer sine eigne borgarar.

Som ein organisasjon som er forplikta til fred og menneskerettar, vil Changemaker halda fram med å overvaka norsk våpeneksport og leggja press på myndigheitene for å sikra at våpeneksporten er i tråd med verdiane våre og internasjonale forpliktingar.

quote-left

Dette er ei moglegheit til å setja ein ny standard for etisk utanrikspolitikk

quote-right

Espen Barth Eide har no ansvaret for utanrikspolitikken, og vi oppmodar han til å visa leiarskap ved å adressera utfordringane knytte til norsk våpeneksport. Dette er ei moglegheit til å setja ein ny standard for etisk utanrikspolitikk og forplikta seg til openheit og ansvar i regjeringa sine handlingar.

Vi i Changemaker ser fram til å samarbeida med den nye utanriksministeren og myndigheitene. Vi håpar at Barth Eide vil prioritera menneskerettar og internasjonal fred som grunnleggjande prinsipp i rolla si. Dette er ei moglegheit til å skapa reelle endringar innanfor norsk våpeneksport, og vi ser fram til å fylgja utviklinga nøye i tida som kjem.