Musikkteneste på nynorsk

Den heilnorske strøymetenesta Beat.no kjem no med ein eigen nynorskversjon.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Med to offisielle språk her i landet er det sjølvsagt at vi leverer ei teneste som er tilpassa begge målformene, seier dagleg leiar Njål Wilberg i Beat i ei pressemelding.

I samband med lanseringa av nynorskversjonen av mobil-appen har strøymeselskapet på Mjømna i Sogn og Fjordane fått artistane Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland til å lage eigne spelelister med sine nynorskfavorittar.

Beat vil med nynorsksatsinga markere seg som den dominerande strøymelevarendøren av norsk musikk, og som ei bedrift som tar kundane sine på alvor.

– Når vi no ka gi kundane våre ein skreddarsydd app tilpassa deira målform, skil vi oss klart frå for eksempel Spotify, som berre er tilgjengeleg på engelsk, seier Wilberg.

I første omgang er mobil-appen tilgjengeleg for iPhone, men android-versjonen skal vere klar nokre dagar over påske. (©NPK)

LES OGSÅ: Ingen som Ingebjørg