Ingen som Ingebjørg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingebjørg Bratland blei tidleg vaksen. Det er vel det som skjer når ein veks opp i eit folkemusikkmiljø utan aldersgrenser, startar å turnere i 8–9-årsalderen, får vener som er både ti og tjuge år eldre enn seg sjølv, og flyttar for seg sjølv som 15-åring. Fyrst til Skien, så vidare til Oslo fordi ho måtte vera nærare bransjen og spelejobbane.

Det er i Oslo eldresenteret kjem inn, men det kjem me tilbake til.

Travle dagar
Songerinna frå Edland sig ned i sofaen heime på Majorstua i Oslo. Det har vore ei maratonveke med intervju med NTB, Dagsavisen, Dagbladet, dameblad og vekeblad. Alle vil ha ein bit av Ingebjørg i dagane før soloalbumet «Berre meg» kjem ut. Journalistar spør om mykje rart, så det har blitt mange pussige situasjonar den siste tida. Ein journalist var meir oppteken av cøliakidiagnosen til Ingebjørg enn av Ingebjørg sjølv.

– Ein annan journalist spurde meg kvifor plata heiter «Berre meg». Skulle eg kalla ho «Utan Odd», då liksom?

Men dette er Ingebjørg utan Odd Nordstoga, utan nokon. Det er berre Ingebjørgs særeigne og vare stemme ein høyrer på plata.

Men ho er ikkje åleine i skrivinga og produksjonen av musikken. Der har ho Espen Lind og mange andre dyktige bransjefolk på laget. I tillegg til Lind, har også Nordstoga og Stein Versto skrive tekstar til plata. Ein av melodiane har Ingebjørg skrive sjølv.

Singelen «Ingen som du» har Lind skrive melodien til, og teksten er Ingvar Hovlands.

LES OGSÅ: Mest sexy nynorskbrukar

Ein trygg Odd
«Berre meg» var nesten ferdig då Heimafrå-prosjektet og samarbeidet med Odd Nordstoga starta. Det er ein tryggare versjon av Ingebjørg Bratland som er klar for å gå solo.

– Det er så godt å alt ha vore gjennom dette med ein fyr som er så trygg og kul på det som Odd, seier Ingebjørg.

Dessutan kjentest det rett å starte med «Heimafrå». Det er trass alt musikken heimafrå som er Ingebjørgs musikalske utgangspunkt. Den særprega songteknikken ho har utvikla er sterkt forankra i folkemusikken. Det er ingen som syng som Ingebjørg.

– Trillane mine er der, og eg er tru mot min syngemåte. Eg har prøva meg på jazz og pop og rock og alt, men eg syng no likt uansett, seier ho og ler.

– Så dei som likar når Ingebjørg syng, kjem til å like denne plata, legg ho til.

Det lovar godt. For det er veldig mange som likar når Ingebjørg syng. Utselde Heimafrå-konsertar over heile Noreg, kong Haralds tårer og kronprinsessas invitasjon til å bidra på salme-plata «Sorgen og gleden» vitnar om det. På peishylla står ein Spellemannspris for Heimafrå og skin – førebels for seg sjølv.

LES OGSÅ: Ny CD frå Nordstoga

Lukta på A4-livet
Ho har alltid visst at det er musikken ho vil drive med. Heilt frå ho var ørlita. Men tvilen har også vore der. Fire nesten ferdige soloalbum har ho stoppa før dei skulle gjevast ut. Ingebjørg er svært sjølvstendig, og samtidig svært sjølvkritisk.

Det kom til eit punkt der ho vurderte andre vegar. Meir vanlege vegar.

– Før Heimafrå var eg lei av å ikkje vita kva som venta rundt neste sving. Det er slitsamt på mange måtar – også økonomisk, seier Ingebjørg.

A4-livet byrja å lokke.

– Eg tenkte «nei, no tek eg utdanning, blir lærar, byggjer hus og får eit trygt og stabilt liv», seier Ingebjørg, som var sambuar i Setesdal på den tida.

No er ho sjeleglad ho ikkje grodde fast der. For Heimafrå-turneen – intens som han var – var eit eventyr, og som Ingebjørg seier minst seks gonger i løpet av intervjuet: Livet er for kort.

– Lykke er å vera aktiv og drive med det ein likar. Ein må utnytte sjansane ein får, og ikkje setje seg ned og vente på at telefonen skal ringe. Men det er ikkje slik at eg ringer rundt til folk og seier «hei, skal eg koma og ta ein song», altså, flirer Ingebjørg.

Det treng ho heller ikkje. Det har aldri mangla på tilbod om oppdrag, og etter Heimafrå er interessa større enn nokon gong.

LES OGSÅ: Sterke debutantar bergtok publikum

Rullatorparkering gjorde utslaget
Satsinga på musikken har altså vore verdt det. Kanskje var det dette ho såg føre seg då ho flytta til Oslo for å fullføre vidaregåande som 17-åring. Kanskje var det ein platesuksess med Odd Nordstoga ho tenkte på då ho stod opp frå senga si på Blindern studenterhjem tidleg om morgonen, og måtte leve med sambuaranes spy i dusjen og barnslege studentklubbar.

Ho blei ikkje buande der særleg lenge. Takka vera Nora Brockstedt, kan ein faktisk seie.

Ingebjørg spela nemleg nokre konsertar med Brockstedt og Kåre Conradi på denne tida. Då var dei mellom anna innom eit eldresenter på St. Hanshaugen, der ei fløy skulle pussast opp og ein del rom stod tome i mellomtida.

– Dei sa at det kom til å vera mange studentar som kom til å vera interesserte i bu der. Det var det ikkje. Det var berre meg, seier Ingebjørg.

Kanskje var det her, eller kanskje av Nora Brockstedt, at Ingebjørg lærte uttrykket «herre min hatt», som ho brukar relativt ofte. Men elles var det ikkje så mykje å hente på Kathinka Guldberg-senteret for ein 18-åring. Sjølv om ho alltid har hatt vener som er eldre enn seg, blei dette litt i meste laget.

– Då eg fekk brev frå administrasjonen på senteret med spørsmål om eg ynskte meg større rullatorparkering, tenkte eg «nei fanken hell, Ingebjørg, dette går ikkje. Livet er for kort, du kan ikkje bli her til du treng den parkeringa heller.»

Det var då ho fekk hjelp til å kjøpe leilegheita på Majorstua.

Å vera jorda
Sofaen på Majorstua var god å koma heim til etter Heimafrå-turneen. I løpet av 242 dagar med 132 konsertar over heile Noreg frå mars til november i fjor, blei Odd Nordstoga og bassist Gjermund Silset både familien og bestevenene til Ingebjørg. Det var dei ho åt frukost i lag med, dei ho arbeidde i lag med og såg tv-seriar i lag med, og dei siste ho såg før ho la seg om kvelden.

– Då det var over, måtte eg prøve å hugse korleis det var å leve normalt. Odd og Gjermund har familie, og måtte rett tilbake til å smøre niste og sende barn på skulen, så for dei er det enkelt å bli jorda att med ein gong. Medan eg kunne sova til tolv, eta på restaurant og spela gitar om natta, om eg ville det. Så det er viktig å ikkje gløyme å leva vanleg. Eg kan ikkje bli heilt Amy Winehouse heller, sjølv om eg jamt har portvinen ståande i bokhylla, ler Ingebjørg.

Helten Jan Egeland
Ingebjørg Bratland har andre førebilete enn Amy Winehouse. Den nyaste helten hennar er Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen. Saman med Odd Nordstoga gav ho singelen «Landet imot nord» til organisasjonen før jol, og nyleg var Ingebjørg med Egeland ei veke til Libanon. Det var eit besøk som gjorde sterkt inntrykk. I april deltek ho på TV2s artistgalla, som i år arrangerast til inntekt for Flyktninghjelpen.

Elles ligg framtida open for 24-åringen. Til hausten ventar ein turné, og så får ho sjå. Ho set seg uansett ikkje ned og ventar på at telefonen skal ringe.

– Og dersom eg blir lei av musikken, er eg jo faktisk arving til Bratland Buss, smiler Ingebjørg Bratland – trygt forankra heime.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!