Vekas viktigaste: Biden besøker Israel, terror i Belgia og nye statsrådar
Kollasj av Framtida.no: Brann-spelarane feira siger mot Glasgow, Biden og Netanyahu møttest i Tel Aviv og Støre presenterte ny regjering på Slottsplassen. | Foto: Tuva Åserud / NTB, AP Photo/Evan Vucci, Gorm Kallestad / NTB
Parlamentsval i Polen og terrorangrep før fotballkamp – her er nokre av dei største nyheitene frå den siste veka.
Marie Knutsen Bruntveit
Publisert Oppdatert 05.06.2024 14:06
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Retting: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det drapa på dei to svenske supporterane i Brussel fann stad under fotballkampen, og at gjerningsmannen stakk av frå stadion. Skytinga skjedde halvannan time før kampstart, kring fem kilometer unna stadion. Dette er no retta i saka.
Nye statsrådar
Måndag presenterte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) store endringar i regjeringa. Sjølv om Lubna Jaffery og Sigbjørn Gjelsvik har komme inn i regjeringa sidan førre stortingsval, er dette fyrste gongen Støre gjer store endringar i regjeringa sidan han tok over for Erna Solberg i 2021.
Blant dei sju som blei presentert, er fem nye ansikt; Andreas Bjelland Eriksen (Ap), Cecilie Myrseth (Ap), Kari Nessa Nordtun (Ap), Erling Sande (Sp) og Karianne Tung (Ap).
Ap-nestleiar Tonje Brenna, som til no har vore kunnskapsminister, tek over som arbeids- og inkluderingsminister. Espen Barth Eide (Ap) tek over for Anniken Huitfeldt som utanriksminister.
Det blir òg oppretta eit nytt departement: Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet, som vil fungera frå årsskiftet 23/24.
Olje- og energidepartementet byter namn til å heite berre Energidepartementet.
Dei nye statsrådane:
Klima- og miljøminister: Anders Bjelland Eriksen (Ap)
Fiskeri- og havminister: Cecilie Myrseth (Ap)
Kunnskapsminister: Kari Nessa Nordtun (Ap)
Kommunal- og distriktsminister: Erling Sande (Sp)
Digitaliserings- og forvaltningsminister: Karianne Oldernes Tung (Ap)
Arbeids- og inkluderingsminister: Tonje Brenna (Ap)
Utanriksminister: Espen Barth Eide (Ap)
Digitalisering- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap), klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap), utanriksminister Espen Barth Eide (Ap), statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), arbeids-og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap), fiskeri- og havminister Cecile Myrseth (Ap), kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp). | Foto: Gorm Kallestad / NTB
Onsdag landa USAs president Joe Biden i Tel Aviv. Den amerikanske presidenten er i Israel for å visa støtte til landet, som er ein av USAs viktigaste samarbeidspartnarar i regionen.
Besøket skjer i kjølvatnet av angrepet på eit sjukehus i Gaza by tysdag kveld som tok over 450 sivile liv. Hamas meiner Israel står bak angrepet, medan Israel meiner dei har bevis på at organisasjonen Islamsk heilag krig står bak.
Under ein pressekonferanse saman med den israelske presidenten Benjamin Netanyahu sa Biden seg samd med Israels påstandar om at det er Islamsk heilag krig som står bak angrepet på det palestinske sjukehuset.
Den amerikanske presidenten samanlikna angrepet på Israel 7. oktober med åtaka 11. september 2001.
– For ein nasjon med Israels storleik, var dette 9/11 gonger 15, sa Biden.
Noregs utanriksminister Espen Barth Eide ønskjer ikkje å konkludera om kven som står bak åtaket på sjukehuset, men fordømmer handlinga.
– Det er fullstendig uakseptabelt. Det er eit totalt brot med alle reglar for krigens folkerett, sa Eide om sjukehusåtaket.
Fredag morgon er over 3400 palestinarar og 1400 israelarar drepne, og meir enn éin million palestinarar drivne på flukt sidan eskaleringa av konflikten 7. oktober, ifølgje FN.
President Joe Biden møtte Benjamin Netanyahu på flyplassen i Tel Aviv. | Foto: AP Photo/Evan Vucci
Åtaket fann stad under ein kvalifiseringskamp til fotball-EM mellom det svenske og belgiske herrelandslaget.
Den mistenkte gjerningspersonen, ein mann i 40-åra, kom seg ut av fotballstadionet og var på frifot gjennom natta før han vart skoten og pågripen av belgisk politi. Mannen er bekrefta drepen av politiet, og skal ha døydd på veg til sjukehus etter pågripinga.
Den mistenkte gjerningsmannen har tidlegare vore fengsla i Sverige, opplyser det svenske Utlendingsdirektoratet til Aftonbladet.
Mannen skal ha hatt tilknyting til terrorgruppa IS, som no hevdar å vera ansvarlege for åtaket, melder Reuters.
Det er òg pågripe ein mann i Nantes som skal ha fått ein video av den mistenkte gjerningmannen like før skytinga, ifølgje franske medium.
Det blei lagt ned blomar og fotballtrøyer i støtte etter åtaket. | Foto: AP Photo/Martin Meissner
Putin i Kina
Tysdag landa den russiske presidenten Vladimir Putin i Kina for å besøka Kinas president Xi Jinping. Det er andre gongen dei to møtest dette halvåret.
Besøket skjer i samband med ein konferanse om handels- og infrastrukturprosjektet «Belte og veg», som òg er kjend som «Den nye silkevegen».
Målet med besøket er å styrka samarbeidet mellom dei to landa. Sidan invasjonen av Ukraina i 2022 har Russland på mange måtar blitt utestengt av det internasjonale samfunnet. Det har hatt stor effekt på landets økonomi.
No håpar Putin å knyta tettare band med sin desidert viktigaste handelspartnar.
Dette er òg fyrste gongen Putin er utanfor dei tidlegare sovjetiske statane sidan den internasjonale straffedomstolen (ICC) sende ut ein arrestordre på han i mars i år.
Russlands president Vladimir Putin møtte sin kinesiske motpart, President Xi Jinping i Kina denne veka. | Foto: Sergei Guneyev, Sputnik, Kremlin Pool Photo via AP
Det sitjande regjeringspartiet, konservative Lov- og rettferdigheitspartiet (PiS) enda som det største partiet i Polens parlamentsval søndag. Partiet mista likevel det reine fleirtalet dei hadde ved førre val i 2019.
Det gjev opposisjonspartia, med tidlegare president Donald Tusk i spissen, mogelegheit til å prøve å danna regjering.
På dei fire siste åra har PiS, med partileiar Jaroslaw Kaczyński og statsminister Mateusz Morawiecki brukt fleirtalet i parlamentet til å innføra endringar i Polen som mange fryktar vil setja landets demokrati i fare. Det leia til heile 75 prosent valdeltaking på søndag, som er den høgaste deltakinga sidan 1989, då Polen heldt sitt fyrste val etter å ha gått ut av Sovjetunionen.
Sjølv om PiS ikkje fekk reint fleirtal ved valet, er det enno usikkert om opposisjonen vil få høve til å danna regjering.
For å danna regjering må opposisjonspartia fyrst få klarsignal frå president Andrzej Duda. Duda og PiS har samarbeidd tett dei siste åra. Sidan PiS framleis er det største partiet, blir det no spekulert i om Duda vil nekta å be opposisjonen om å danna regjering, men heller gje oppgåva til PiS.
Tilhengjarar av Donald Tusk feira på valvake søndag kveld. | Foto: AP Photo/Petr David Josek
Fyrste norske kvinnelag til meisterligaen
Då dommaren blåste i fløyta for å avslutta kampen mellom Brann og Glasgow City onsdag denne veka, vart det klart at Brann-kvinnene hadde blitt Noregs fyrste kvinnelag som kjem seg til gruppespelet i Champions League.
To brannspelarar sende ballen i mål under heimekampen mot skottane.
Kvalifiseringskampane går i to rundar, så Brann måtte slå Glasgow City samanlagt for å vinna fram. Det gjorde dei.
Fyrste kampen enda 4–0 i bergensarane sin favør, og med torsdagens 2–0 på heimebane enda dei samanlagt seks mål over skottane.
– Det betyr mykje for Brann, men det betyr også mykje for Noreg, sa fotballpresident Lise Klaveness om sigeren.
Stemninga var på topp då Brann-spelarane kvalifiserte seg til Meisterligaen. | Foto: Tuva Åserud / NTB
Lyspunkt: Ingen krefttilfelle hjå mottakarar av HPV-vaksinen
Blant dei som fekk HPV-vaksinen i 2009 vart det registrert null tilfelle av livmorhalskreft i fjor.
HPV-vaksinen vart ein del av barnevaksinasjonsprogrammet i 2009. I fjor fylte dei fyrste mottakarane av HPV-vaksinen gjennom programmet 25 år og blei inkludert i screeningprogrammet for livmorhalskreft. Det betyr at ein fyrst no vil kunne sjå effektane av vaksinen.
Ingen frå det fyrste vaksinekullet vart diagnostisert med livmorhalskreft.
– Det er veldig gode nyheiter. Det var det første kullet som fekk tilbod om HPV-vaksinen, og at det er ingen påviste tilfelle, viser at denne vaksinen verkar, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) til TV 2.
– Null tilfelle ser me nesten aldri. Det er faktisk 20 år sidan sist, i 2002, seier kommunikasjonsleiar Elisabeth Jakobsen frå Kreftregisteret.
Det vart heller ikkje registrert tilfelle av livmorhalskreft hjå dei under 25.
Livmorhalsprøve under mikroskop | Foto: Ed Uthman via Flickr
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.