Ingen krefttilfelle blant kull som fekk HPV-vaksine som barn

Det var i fjor null tilfelle av livmorhalskreft hjå kullet som i 2009 vart vaksinert mot HPV-viruset, som kan forårsake denne kreftforma hos kvinner.

NPK-NTB
Publisert

– Det er veldig gode nyheiter. Det var det første kullet som fekk tilbod om HPV-vaksinen, og det at det er ingen påviste tilfelle, viser at denne vaksinen verkar, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) til TV 2.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap). Foto: Birgitte Vågnes Bakken

I fjor fylte kullet som i 2009 var dei første som vart med i barnevaksinasjonsprogrammet, 25 år. Dermed vart dei ein del av screeningprogrammet for livmorhalskreft.

Det vil altså seie at ein for første gong kan sjå på statistikken kva effekt vaksinen har hatt.

Kommunikasjonsleiar Elisabeth Jakobsen i Kreftregisteret seier at sjølv om det årleg ikkje er mange tilfelle av livmorhalskreft i denne aldersgruppa, er det tjue år sidan sist ein såg null tilfelle.