Støre gjer store endringar i regjeringa

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) kom måndag ut på Slottsplassen med nytt mannskap. Borte er Anniken Huitfeldt og Bjørnar Skjæran. Inn kjem fleire nye fjes.

NPK-NTB-Marie De Rosa
Publisert
Oppdatert 18.10.2023 10:10

For første gong sidan han tok over som statsminister i 2021, har Støre gjort eigne rokeringar i regjeringa. Frå før var det venta at fleire statsrådar ville bli bytte ut.

Den kanskje mest oppsiktsvekkjande endringa er at utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) blir erstatta av klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide Foto: Cecilie Stuedal

Barth Eide har tidlegare erfaring både som utanriksminister og forsvarsminister.

Fleire medium har den siste veka meldt at Huitfeldt var på veg ut. Ein av grunnane skal vere bråka rundt habilitetssakene, ifølgje Dagens Næringsliv.

Skjæran ut – Myrseth inn

Andreas Bjelland Eriksen blir ny klima- og miljøminister etter Barth Eide. Han har sidan oktober 2021 vore statssekretær både for Støre på Statsministerens kontor og for olje- og energiminister Terje Aasland (Ap). No jobbar han 50 prosent for kvar av dei.

Også fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran trer ut av regjeringa. Den tidlegare Ap-nestleiaren blir erstatta av stortingsrepresentant Cecilie Myrseth (Ap) frå Troms. Myrseth er tidlegare fiskeripolitisk talsperson for Ap.

Brenna byter plass – Nordtun tek over

Ap-nestleiar Tonje Brenna byter post og går frå Kunnskapsdepartementet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet, som er eit viktig departement for Arbeidarpartiet. Det betyr at arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) fråtrer stillinga.

Avtroppande Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) tek over som kunnskapsminister etter Brenna. Nordtun blir rekna som ei stigande stjerne i partiet og har fått fleire tunge oppgåver dei siste åra, mellom anna som leiar av Aps energiutval.

I tillegg opprettar Støre eit nytt departement: Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Det skal leiast av Karianne Tung (Ap) frå Trøndelag. Ho har vore dagleg leiar for interesseorganisasjonen Trondheim Tech Port i tre år.

Gjelsvik blir erstatta

Senterparti-leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum beheld same mannskap, med unntak for éin: Sigbjørn Gjelsvik (Sp) går av som kommunal- og distriktsminister. Han blir erstatta av partikollega Erling Sande.

Gjelsvik har vore kommunal- og distriktsminister sidan april 2022. Han overtok då for Bjørn Arild Gram (Sp), som vart forsvarsminister. 44 år gamle Sande er i dag stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane og leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Støres nye regjering består no av 20 ministrar, 12 frå Arbeidarpartiet og 8 frå Senterpartiet.

Fjernar «olje» frå departement

Måndag vart det også klart at Olje- og energidepartementet frå 1. januar 2024 skal heite Energidepartementet.

Departementet vil ha dei same ansvarsområda som i dag, presiserer statsminister Jonas Gahr Støre.

– Ein stadig større del av energien vår kjem frå nye energikjelder som vind, sol, vatn og andre energiformer. Vi står midt oppe i den grøne omstillinga, og utviklinga med meir fornybar energi vil halde fram i tida framover. Det tilseier at namnet på departementet som har energipolitikken, ikkje bør framheve nokon energikjelder særskilt, seier Støre i ei pressemelding.

Frå same dato byter Terje Aasland (Ap) tittel frå olje- og energiminister til energiminister.