Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 25.11.2022 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Xi Jinping har vore partileiar i det statlege kinesiske kommunistiske partiet sidan 2012. Sidan 2013 har han vore president, og i helga vart han på nytt valt som partileiar. Ingen statsleiarar har sete lenger enn i 10 år i Kina sidan den kommunistiske revolusjonen i 1949.

No er den tradisjonen brote.

Etter å ha kvitta seg med mange av dei andre mektige personane i partiet, i eit såkalla korrupsjonsoppgjer, har han alle føresetnadane for å bli president på livstid.

Den faktiske politikken til presidenten kan summerast opp med eit slagord som har dominert sidan han fekk makta.

Sidan 2012 har Den kinesiske draumen vore førande for partiet.

Den nye politikken har ført til meir velstand i landet, samstundes som han har synleggjort eit autoritært regime.

Så kva er nokre av tinga Xi gjort for å oppfylle den kinesiske draumen?


Den økonomiske draumen

Bustad i Hong Kong. Foto: Sunrise on Unsplash

Den store ambisjonen til Xi Jinping har vore å utrydde fattigdom i Kina. I 2015 vedtok styresmaktene at dei skulle løfte 70 millionar menneske på landsbygda ut av ekstrem fattigdom. Det hevdar presidenten at dei har klart.

Konsekvensane av den økonomiske politikken:


Klimadraumen

Luftforureining i kinesisk stortby. Foto: Photoholgic on Unsplash

Xi Jinping vil at Kina skal bli klimanøytralt innan 2060. Luftforureining er eit stort problem i dei store kinesiske byane, og for kinesarane er det både godt for folkehelsa og økonomien å investere i fornybar energi.

Konsekvensar av klimapolitikken:


Bustaddraumen

Mange kinesarar har fått nye bustader. Foto: Karl Groendal on Unsplash

Med 1,4 milliardar innbyggjarar er bustader ein viktig del av kinesisk politikk. Mellom 15 og 30 prosent av kinesisk økonomi er basert på bustadmarknaden. Det har presidenten ynskt å snu.

– Hus burde vere for å bu i, ikkje for å spekulere i, sa han på partikongressen i 2017.

Bustadpolitikken har også vore ein sentral del i kampen mot fattigdom. Millionar av innbyggjarar på landsbygda blir flytta til meir moderne bustadar.

Konsekvensar av bustadpolitikken:

  • Mange millionar kinesarar har fått meir moderne bustadar.
  • Eigedomsaktørane har fått mindre makt med strengare reglar rundt kor mykje gjeld og formue selskapa kan ha.
  • Likevel har eigedomsselskap som Evergrande ført til ei kinesisk bustadboble som styresmaktene truleg må bruke mykje tid og pengar på i åra som kjem.
  • Kina har store spøkelsesbyar. Det er minst 65 millionar bustader rundt dei større byane, som står fullstendig tomme, fordi det har vore lønsamt for styresmaktene å selje tomter til utbyggjarar.

Draumen om eit samla folk

Kina har mange forskjellige etniske grupper, men ein del av ambisjonen til president Xi Jinping er at dei skal vere eit felles folk, i ein felles nasjon. For å etablere ein sterkare nasjonal identitet har staten blant anna betalt for arkeologiske utgravingar og delt ut materiale om den felles kulturarven som alle kinesarar visstnok er ein del av.

Etniske minoritetar blir ramma av den auka nasjonalismen som styret til Xi Jinping har ført med seg.

Konsekvensar av den nasjonalistiske politikken:

  • Kina beskyttar sine eigne industriar meir. Det har ført til handelskrig med USA, strengare krav til kva slags media som får lov til å sleppe til på TV og kinolerret, og eit auka fokus på å utvikle sine eigne industriar, blant anna innan teknologi.
  • Alle barn, frå barnehagealder, skal ifølgje kinesiske styresmakter ha opplæring på kinesisk mandarin.
  • Fleire frå etniske minoritetar er sett i såkalla omskuleringsleirar. Dette er interneringsleirar der dei blir læra opp i å vere «ekte» kinesarar. Ein stor del av desse er muslimske uigurar.

Demonstrasjonar frå Uigur-miljøet i Tyrkia under eit besøk av den kinesiske utanriksministeren i Istanbul i mars 2021. Det lyseblå flagget er flagget for Aust-Turkestan. Foto: AP Photo/Emrah Gurel