Ella Marie stemmer i vrengt kofte for Fosen
Artist Ella Marie Hætta Isaksen oppmodar kofteberarar i vallokala til å vrenge kofta i protest mot vindmøllene på Fosen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I dag er siste dagen du kan førehandsstemme ved lokalvalet. Eg stemte i vrengt kofte, for å vise motstand mot det framleis pågåande menneskerettsbrotet mot Fosen-samane, skriv Ella Marie Hætta Isaksen på Instagram.
Den 25 år gamle artisten har det siste året markert seg som ei av stemmene i Fosen-demonstrasjonane. Det var i februar Natur og Ungdom og NSR-Nuorat starta å aksjonere mot vindparken på Fosen. Då var det 500 dagar sidan Høgsterett slo fast at han er i strid med urfolksrettane til samar.
Dei aksjonerte i over ei veke, og blokkerte mellom anna inngangen til Olje- og energidepartementet. Då det var gått 600 dagar sidan høgsterettsdommen, arrangerte dei igjen ei markering.
Se dette innlegget på Instagram
I Instagram-innlegget poengterer Ella Marie Hætta Isaksen at det på dagen for lokalvalet, måndag 11. september, er 700 dagar sidan Høgsterett slo fast at vindturbinane på Fosen er i strid med reindriftssamane sine menneskerettar.
– Det er eit tragisk samantreff og ei smertefull påminning om at det norske demokratiet ikkje fungerer som det skal, skriv aktivisten.
Ella Marie Hætta Isaksen oppmodar andre som brukar kofte og som skal stemme i lokalvalet til å vrenge kofta når dei gjer det.