Europeisk Ungdom har fått stemmerett i EU

Norsk-tyske Nikolai Fjågesund er vald til ny leiar i Europeisk Ungdom.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har fått stemmerett i EU

På det 41. landsmøtet til Europeisk Ungdom i helga, blei Nikolai Fjågesund (23) frå Stange, vald til ny leiar. Han og dei andre tillitsvalde skal sitja fram til hausten 2015.

Fjågesund er halvt tysk og har dermed stemmerett i vårens val til Europaparlamentet, og får dermed høve til å påverka demokratiet i Europa.

– Det kjennest sjølvsagt bra å ha denne retten, men ønsket mitt er at alle nordmenn skal ha høve til å avgi stemma si, seier Fjågesund.

Denne perioden vil Europeisk Ungdom retta merksemd mot korleis EU opptrer ute i verda.

– Me vedtok fleire resolusjonar, deriblant ein som omhandlar kvinnerettar i Europa. Me ønsker at EØS-midlane våre skal gå direkte til dette arbeidet. I tillegg vedtok me ein uttale som seier at det må gjerast tiltak som pressar Marokko til å avslutta okkupasjonen av Vest-Sahara, seier Fjågesund til Framtida.no.

– Korleis vil Europeisk Ungdom merka forskjell med deg som leiar?

– Eg likar å tenka nytt og gjera ting som aldri har blitt gjort før. Årets vinterkonferanse var for eksempel ein simulering av Europa-parlamentet. Slike ting kjem me til å halda fram med. Elles har eg ein ambisjon om både provosera og debattera nye saker som er viktige for ungdom i Noreg og heile Europa. 

– Kvifor er det bruk for Europeisk Ungdom?

– Europeisk Ungdom jobbar for norsk medlemskap i EU, men me har også mange demokratiprosjekt rundt om i Europa. Kvart år arrangerer me eit seminar i Øst-Europa og på Balkan. I haust skal me dessutan til Kiev i Ukraina. Det blir spennande fordi situasjonen er dramatisk. Heldigvis klarer verdssamfunnet å dempa konflikten. 

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Eg har engasjert meg i Europeisk Ungdom fordi eit EU-medlemskap er utruleg viktig for Noreg. Tilknytinga slik ho er no, er udemokratisk fordi me ikkje får påverka dei lovene som uansett vil implementert i norsk lovverk. Utover det har eg mange av mine beste vener i organisasjonen og me har det veldig kjekt saman. 

– Kva saker er det du brenn for og vil gjera noko med?
– Av politiske områder har eg det siste året fått augo opp for EU som klimaaktør. EUs mål for betre klima er dei mest ambisiøse i verda, men dei er likevel godt på veg til å innfri disse. Dette må fleire personer bli klar over. 

Folk skjønar at de i Europeisk Ungdom vil ha medlemskap i EU. Er det noko anna folk bør vita om Europeisk ungdom?

– Ja, og det er at me jobbar aktivt med ulike demokratiprosjekter rundt om i Europa. Me jobbar for auka kunnskap om, og kontakt med, ungdommar i andre europeiske land. Ved å bli medlem hos oss får ein høve til å delta på disse reisene og få mange nye erfaringar.

– Kvifor er det ikkje fleire nordmenn som er for norsk medlemskap i EU, trur du?

– Eg trur at dei mange mytane om EU verkar litt avskrekkande. Nei-sida har gjort ein stor jobb med å spreia usanningar om korleis eit EU-medlemskap ville påverka Noreg. Fakta er at me allereie er 75 prosent medlem i EU og det einaste me eigentleg manglar er stemmerett i formelle fora. 

– Medlemstalet gjekk ned med 125 frå 2012 til 2013, og har ikkje vore lågare dei siste ti åra. Kva skal Europeisk Ungdom gjera for å få fleire medlemmar?

– I året som kjem skal me besøka endå fleire skular og organisasjonar enn før. I tillegg skal me ha endå meir aktivitet i lokallaga våre slik at alle ungdommar som er interessert i EU-spørsmål og dei politiske sakene me tar opp, skal få høve til å læra meir om dette. 

QUIZ: Kva veit du om EU?