Regjeringa aukar bortebuarstipendet

Regjeringa vil auke bortebuarstipendet med 60 millionar kroner frå hausten 2024, noko som gir elevar som ikkje kan bu heime rundt 600 kroner meir i månaden.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Det er eit viktig løft for lik rett til utdanning for alle, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til VG.

Stipendet, som blir gitt til elevar som ikkje bur heime medan dei går på vidaregåande skule, er i dag på 5848 kroner i månaden. Med auken vil stipendet liggje på over 6400 kroner i månaden, men den endelege satsen vil første vere klar når forslaget til statsbudsjett blir lagt fram i oktober, ifølgje regjeringa.

– Dette handlar om noko heilt grunnleggjande, nemleg at alle skal få høvet til å gå på vidaregåande skule uavhengig av kvar dei er frå og lommeboka til foreldra, seier statsministeren.

Auka bortebuarstipend har vore ei viktig kampsak for Arbeidarpartiet og Senterpartiets ungdomsparti AUF og Senterungdommen.


Tidlegare leiar i Elevorganisasjonen, Aslak Berntsen Husby. Foto: Eivind Lotsberg/Elevorganisasjonen.