Lokkar elevar med motor

Bil- og anleggsbransjen prøvde måndag å rekruttere framtidig arbeidskraft.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei vel sytti elevane på TIP (teknikk og industriell produksjon) på Ørsta vidaregåande skule skal i slutten av veka velje kva studiar dei skal spisse seg vidare inn mot. Om lag 60 ulike fagbrev kan det føre til. For å hjelpe dei som framleis er usikre med å velje, arrangerte skulen og bransjen ein felles fagdag i Grepabygget.

Treng arbeidskraft
Anleggsmaskiner, motorar, simulatorar og ny teknologi var spanande attraksjonar for elevane, som fekk prøve både gravemaskinkøyring og «veltepetter», i tillegg til å sjå på dyre bilar med mange hestekrefter.

Både arrangørar og elevar gav inntrykk av at ein slik fagdag knyt gode relasjonar for framtidig samarbeid.

Konsulent Espen Viken i Opplæringskontoret anleggs- og bergfag seier det er stort behov for arbeidskraft i bransjen.

– Ein stor del av arbeidet mitt går ut på å rekruttere til anleggsbransjen. Vi har bruk for folk. Så om elevane er interessert, er vi interessert. Det er mange prosjekt på gang med vegbygging både i og utanfor fylket. Det er berre å møte opp på skulen og vere vaken, så har vi arbeid til elevane, sa Viken, som hadde teke med seg ein gravemaskinsimulator.

LES OGSÅ: Mekaniske jenter

Moderne teknologi
Teknisk leiar på Autoservice, Kent Riksheim, deler oppfatninga til Viken.

– Eg trur at når vi i arbeidslivet viser oss fram, kan det «trigge» elevane til å verte bilmekanikarar, arbeide i biltilsynet, eller andre ting i same område, seier Riksheim. Med seg på fagdagen hadde han ein topp moderne lastebil og ein Audi RS-4. Begge representerer dei nye generasjonane bilteknologi som dagens elevar må arbeide med i framtida.

– Verda har kome så langt i dag at det ikkje berre handlar om å skru. Det så mykje teknologi involvert at vi må ha folk som er interessert i data, seier han.

– Grepabygget som skule
– Som ein av initiativtakarane til fagdagen, er dette noko du kan tenkje deg å arrangere fleire gongar?

– I år har vi vore utruleg heldige som har fått låne Grepabygget frå kommunen og Sparebank 1. Spørsmålet er om det er ledig neste år. Vi er heilt avhengige av å ha eit slikt bygg for å arrangere dette fleire gongar. Håpet er at fylkeskommunen kanskje vil kjøpe bygget og gjere det om til vidaregåande skule. Hadde ein hatt ein del av bygget ope, kunne ein arrangert slike messer, seier Riksheim. Han understrekar at behovet for skuleplassar er viktig om ein skal hengje med i tida.

– Autoservice gav ein bil til linja for nokre år sidan. Vi har også gitt elevane arbeidskle kvart år i fem år. Då vi starta med det, var det åtte-ti søkjarar. I dag er det tjue. Med så mykje søkjarar, kan dei utvide med ei klasse. Skal dei utvide, må skulen fram til Grepabygget. Å byggje på der han ligg, vert for trongt.

LES OGSÅ: Ein annan veg inn i yrkeslivet

Tryggleik viktig
Med på fagdagen var også representantar frå politiet og Statens vegvesen. Avdelingsleiar for Bygg /Teknikk og industriell produksjon, Magnar Kjellstadli, seier det er stort fokus på tryggleik i bransjen.

– Det er viktig at elevane får demonstrert kor viktig det er med tryggleik. Dei skal snart ut å køyre i trafikken, og dei vil gjerne preparere bilane sine med senking og dekksutrusting. Då må dei vite kva som er fornuftig der, bruk av verneutstyr og setebelte, og vva som skjer i ein bil med lause gjenstandar eller ein person i baksetet utan setebelte.

Ein Tesla-bil representerte det siste innan bilteknologi – noko elevane må bu seg på å arbeide med når dei er utdanna.

LES SAKA I MØRE NYTT!