Andregongsveljarar brukar stemmeretten minst
Éi gruppe i befolkninga bruker stemmeretten langt mindre enn resten av oss. Forskar er overraska over tala.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I Noreg er valdeltakinga høg. Som regel stemmer 7 av 10 ved kvart val. Men éi gruppe skil seg ut.
Unge mellom 20 og 24 år er i særklasse når det gjeld å ikkje bruke stemmeretten sin. Under halvparten i denne gruppa går til stemmelokala. Det skriv NRK.
Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at ved førre lokalval i 2019 var det berre 47 prosent som møtte opp ved stemmeurnene. Dette er likevel betre enn i 2015, då oppslutninga låg på 36,4 prosent.
Postdoktor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, Jana Belschner, er overraska over at så mange andregongsveljarar ikkje brukar stemmeretten sin i motsetnad til dei som skal stemme for første gong.
Ho peikar spesielt på tre moglege årsaker til den låge deltakinga for andregongsveljarar.
- Dei bur ikkje lenger heime hos foreldra sine som kan minne dei på valet.
- Dei har endra livssituasjon der dei kanskje har flytta heimanfrå og dei er opptatt med sitt.
- Dei veit lite om partia.
– Avgjerder som blir tatt i dag kjem til å ha langvarige konsekvensar. Så for dei unge som har interesse i å påverke ikkje berre notida, men òg framtid, er det viktig å stemme, seier Belschner til NRK.