Witzøe donerer pengar frå designsamarbeid til Mental Helse Ungdom

Laksearvingen har debutert som designar. Inntektene frå salet går til arbeid for psykisk helse.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei sak som ligg nært mitt hjarte, så eg synest det er ei veldig fin sak å støtte. Spesielt når stolane skildrar kjensler, då passa det veldig godt, seier Gustav Magnar Witsøe til Dagens Næringsliv.

Søndag hadde han lanseringsfest for sitt nye designsamarbeid på Michelin-restauranten Maaemo i Oslo. Laksearvingen har den siste tida satsa som modell, og no har han òg fått prøve seg som designar. I samarbeid med møbelprodusenten Fogia har han designa tekstilar til stolar.

Noregs rikaste erkjenner at han kan lite om kunst og møbeldesign, så han syntest det var ei spanande lansering.

Ulike kjensler

Witsøe har designa mønster til seks stolar frå det svenske merket, og det blir berre laga eitt eksemplar av kvart møbel. Motiva på dei seks stolane skildrar ulike kjensler – angst, flukt, lykke, framandgjering, liv og død.

Stolane blir auksjonerte bort hjå nettauksjonen Blomqvist, og prisen startar på 10 000 kroner per stol. Den eine stolen har fått bod på 80 000 kroner.

Alle inntektene frå salet går til Mental Helse Ungdom.

Witzøe fortel at prosjektet har utfordra han til å grave djupt i eigne tankar og tankesett.

– Resultatet som er å sjå på designobjekta er mine personlege opp- og nedturar gjennom åra, uttalar han i ei pressemelding, ifølgje Kom24.

– Mental Helse Ungdom gjer ein utruleg viktig jobb for unge, og eg var difor aldri i tvil om at eg ønska at inntektene skulle gå dit, held han fram.

Auksjonen blir avslutta 18. juni.

Seks stolar med ulike mønster på auksjonssida.

Skjermdump Blomqvist.

– Betyr mykje

Mental Helse Ungdom skriv til Framtida.no at dei ikkje kjente til initiativet før dei las om det i Dagens Næringsliv, og at dei ikkje har fått tak i Witzøe enda.

– Dette er heilt fantastisk på fleire måtar. Både betydninga bak stolane, det at han set fokus på saka, og det at han vil hjelpe enda fleire ved å donere inntektene til vårt arbeid, skriv Line Toft Haaland, som er leiar for innsamling og marknad i organisasjonen.

– Dette betyr mykje for alle oss i Mental Helse Ungdom, og vi er utruleg takknemlege.


Lysebrun hund gir labb.

PÅ JOBB: Sage er med på hangarskipet for å auke trivselen til soldatane. Foto: Jackson Adkins, USAs marine.