Kongens død:

– Det handlar ikkje om å sørge på «rett» måte

Alle slags emosjonelle reaksjonar på kong Haralds død er rett, meiner nestleiar Liam Oddekalv i Mental Helse Ungdom.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Ein må ikkje føle at ein har ei plikt til å sørge sjølv om det er kongen som har gått bort, seier Liam Oddekalv, nestleiar i Mental Helse Ungdom (MHU).

Det er landesorg i Noreg etter at kong Harald døydde. Oddekalv understrekar at sorg tar mange former, og at ingen reaksjonar er feil.

– Nokon blir veldig lei seg, og andre kjenner på det historiske aspektet. Du kan byrje å le, gråte eller føle ingenting. Alt er rett. Eg trur veldig mange føler at ein må kunne plassere kjenslene sine i ein boks, men kjensler er ikkje så ryddige at det alltid er mogleg, seier han.

Rettleiar til nasjonal sørgeperiode

Regjeringa har sleppt ein rettleiar til den nasjonale sørgeperioden, som varar fram til gravferda onsdag 9. september.

Rettleiaren seier mellom anna:

  • Det er inga forventing om at innbyggarar skal opptre eller kle seg på ein spesiell måte
  • Private arrangement som bursdagsfeiringar, dåp, namnefest, konfirmasjonar, bryllaup og gravferder kan gjennomførast som normalt.
  • Kultur- og idrettsarrangement kan gjennomførast som planlagt, med mindre arrangøren sjølv ønsker å avlyse eller utsette.
  • Ved kultur- og idrettsarrangement kan ein markere sørgeperioden med eit minutts stille, nasjonalsongen eller at utøvarar ber svarte armbind.

Lov å le

Det viktigaste om du kjenner på sorg, er å ikkje stå aleine med kjenslene, seier Oddekalv.

– Du må snakke med nokon du stoler på, anten det er familie eller vener. Det viktigaste er å gjere det på din eigen måte, seier han.

Han understrekar at det ikkje handlar om å takle sorga på «rett» måte.

– La reaksjonen din få vere der. Legg ned ein blome om du føler for det, følg med på nyheitene eller gjer noko du likar. Det er lov å le, vere med vener og gjere vanlege ting sjølv om landet er i sorg, seier han.

– Ein kan feire bursdag og kle seg i fargerike klede?

– Eg tenker det. Ein skal prøve å ha det så normalt som mogleg.

Les også: Slik hugsar vi kongen: Ni gongar kongen var konge

– Skru av varslar

Medan kongen er langt vekke frå livet til mange, kan døden hans vekke minne om nærare tap, trur Oddekalv.

– Dette er eit dødsfall som alle snakkar om, heile tida. Då kan det vekke minne om menneske ein sjølv har mista. Alt med døden er veldig trist, og spesielt om ein har vonde minne knytt til dødsfall, kan det bli endå verre. Då er det viktig å forstå at reaksjonane du kjenner på, ikkje er overdrivne. Det er dine kjensler, din reaksjon. Det kan også vere ein fin måte å få ein annan inngang til sorga di på, seier han.

Medan nyheiter og sosiale medium er overfylte med kongens død, kan nokon oppleve at det blir for mykje. Då er det grep ein kan gjere, rår Oddekalv:

  • Skru av varslar på mobilen
  • Gjer noko du likar; set deg ned for å pusle eller noko anna avslappande
  • Ta pause frå nyheiter
  • Få tankane over på andre ting.

– Viss du har behov for å snakke med nokon, finst det mange hjelpetenester, som fastlegen eller hjelpechatten til Mental Helse Ungdom. Men viss du klarar å handtere det sjølv, hjelper det å få tankane over på andre ting, seier han.

Les også: Inkluderande, humoristisk og ei klippe – slik minnest ungdomspolitikarane kong Harald

Vanleg å bli lei seg

MHU er oppteken av å ikkje sjukeleggjere normale kjensler.

– I ein sorgprosess er det vanleg å bli veldig lei seg. Men det tyder ikkje at du har ein diagnose eller treng behandling. Veldig ofte hjelper det å ha nokon rundt seg som ein kan snakke med. Prøv å sjølv normalisere kjenslene som kjem. Det kjem ein langt med, seier han.

Oddekalv meiner det generelt er viktig at folk er førebudde på døden, og at ein snakkar opent om det, til dømes i skulen. Då er det lettare å snakke om det når døden kjem.

– Det er viktig å få verktøya før ein står i situasjonen. Mange taklar ikkje å snakke om døden i det heile. Då er det viktig å gjere «forarbeidet», for å få eit mindre anstrengt forhold til døden frå ein er ganske ung, så ein kan sjå det som ein naturleg del av livet, seier han.


Les også: Folket samlast på Slottsplassen: – Han har stått på og gjort alt han kan, sjølv til siste slutt

Eva Elvbakken (18) minnest spesielt korleis kongen har stått på til siste slutt.