Gamle eksamensoppgåver blir spreidde på TikTok

Åshild Slåen
Publisert

Ein TikTok-brukar som kallar seg «Leaked Eksamen 2023» har i pinsehelga hevda å ha årets eksamensoppgåver i rettslære og samfunnsøkonomi, og har lagt ut desse i bileteinnlegg på appen.

Det var VG som fyrst omtalte saka.

Innlegga er no tekne ned, men oppgåvene som var lagt ut var originalt frå i fjor og frå hausten 2020. Nokon skal ha endra datoen på oppgåvene til 31.05.2023.

Ikkje bli lurt

Udir ber elevar om å passe på å ikkje bli lurt av slike ting og oppmodar dei til å bruke tida før eksamen på ein god måte.

– På nettsidene våre ligg det eksempeloppgåver som kan brukast for å førebu seg på korleis eksamen kan vere, seier Per Kristian Larsen-Evjen frå Udir til VG.

Ikkje fyrste gong

Det er ikkje fyrste gong det dukkar opp eksamensoppgåver på TikTok. For eit par veker sidan var det også nokon som hevda å ha matematikkeksamen, men ifølgje Udir stemte ikkje det heller.

– Vi har ikkje fått nokre tilbakemeldingar om at oppgåver i matematikk skulle vore ute på TikTok. Det einaste er danske eksamensoppgåver som ikkje er våre, opplyste Udir i ein e-post til Framtida førre veke.


Illustrasjonsfoto: Glenn Carstens-Peters on Unsplash