Å byrja på folkehøgskule trur eg var det smartaste valet eg kunne tatt i den situasjonen eg var i, skriv folkehøgskuleelev Gjøa Holmefjord (19).
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
For omtrent eitt år sidan vart eg diagnostisert med endometriose.
Eg hadde då gått med enorme smerter i ni månadar, og etter mange legetimar, gynekologiske undersøkingar og ein kikkhullsoperasjon fekk eg bekrefta det eg trudde: Eg har endometriose.
Trygge rammer på folkehøgskule
To veker etter kikholsoperasjonen var eg ferdig på vidaregåande, og eg stod med eitt med to problem eg måtte ta stilling til: Korleis lever du eit ok liv med endometriose? Og kva i alle dagar skal eg finna på til hausten no?
Eg hadde søkt på diverse universitet, men også på nokre folkehøgskular, og no måtte eg i tillegg ta med helsesituasjonen min i reknestykket.
Var eg før nok til å flytta for meg sjølv og studera, samstundes som eg skulle ha overskot til å laga middag kvar dag og halda det reint rundt meg?
Eller burde eg ta eit år på folkehøgskule der eg blei vand med den nye helsesituasjonen min, med trygge rammer og ein tilrettelagd kvardag? Når du set dei opp mot kvarandre på den måten, er det ikkje eit vanskeleg val. Eg bestemte meg for å flytta til Trøndelag for å gå på folkehøgskule.
Smerter og utmatting
Endometriose er ein tilstand der vev, som liknar mykje på livmorslimhinna som er inni livmora, veks på utsida av livmora. Hos nokre veks det også på organa rundt. Symptoma som følgjer er ulike frå person til person, og kan visa seg på ulike måtar. Dei aller fleste kjenner på store smerter i livmorregionen, særleg rundt menstruasjon.
Nokre har meir uregelmessige og hyppigare smerter og kjenner på utmatting. Eg fell i denne kategorien. I tillegg får eg strekkingar i beina, noko som gjer det vanskeleg for meg å gå på spesielt dårlege dagar. På ein verkeleg dårleg dag har det hendt at eg må krypa, fordi eg ikkje klarer å strekka ut beina mine utan enorme strekkingar i bekkenområdet og nedover beina.
Struktur og aktivitet
Å byrja på folkehøgskule trur eg var det smartaste valet eg kunne tatt i den situasjonen eg var i. Eg fekk ein strukturert kvardag og eg kunne styra aktivitetsnivået mitt sjølv, so eg ikkje var fullstendig utmatta innan middag.
Apropos middag: Det å berre kunna møta opp i matsalen til ferdig mat, utan å måtta laga den, eller ta oppvasken etterpå på ein dag der du ikkje orkar noko, er heilt fantastisk.
Eg har fleire gongar sett for meg korleis det siste året hadde vore om eg skulle budd for meg sjølv. Det hadde blitt mange dagar utan skikkeleg middag, og utruleg lite overskot til eit sosialt liv.
Sosialt, men avgrensa
Det er ein anna ting som er fantastisk med folkehøgskulen. Det sosiale. Med det nedsette funksjonsnivået eg har grunna endometriosen blir det fort til at eg ikkje kan bli med på, eller har overskot nok til å bli med på sosiale samankomstar.
Det kan fort bli einsamt og isolerande. Men når du bur ei trapp og to gangar frå ei peisestove der det alltid er folk, vert det sosiale med eitt mykje meir tilgjengeleg.
Samstundes som kvardagen var godt tilrettelagd for meg, merka eg også at eg hadde visse avgrensingar.
Eg gjekk på ei kunstlinje med hovudvekt på keramikk, som fører med seg mykje stillesitting. Det har passa meg veldig fint. Men då me skulle byrja med dreiing, merka eg fort at kroppen sa nei. Eg kunne heller ikkje velja dei valfaga eg eigentleg hadde lyst til, og enda opp med fire veker lydteknikk i staden for klatring.
Frukost på senga
Utmattinga og smertene er for min del uregelmessige, og eg har ikkje kontroll eller oversikt over når eg vert dårleg.
Eg har brukt mykje av året på å sitta på sidelinja og observera. Eg kunne ikkje delta noko særleg på elevkveldar, og det var fleire utflukter eg ikkje kunne vera med på fordi eg var sengeliggande og ustø til beins.
Heldigvis har eg ikkje følt meg aleine. Eg har vore omringa av folk som berre ynskjer meg godt og som stiller opp skulle det vera noko. Og skulle eg ikkje få meg opp på morgonen, hadde eg gode vener som meir enn gjerne henta frukost til meg.
- Les også innlegget frå Gjøa Holmefjord: «Eg skal vera litt sta, og eg skal jobba for å halda på dialekten min»
Skitne golv og ostesmørbrød
No ser eg mot hausten med litt skrekkblanda fryd. Eg gler meg til å koma ut i verda og byrja eit sjølvstendig liv, men eg er også klar over at eg kjem til å møta på mange utfordringar. I ein ny by, med nye folk, må eg klara meg mykje på eiga hand.
Eg ser nok fram mot ein haust med litt for skitne golv, mange ettermiddagskvilar og ostesmørbrød som eit fast gjengangar på middagsmenyen. Men også til nye vener, spanande studiar og mange gode dagar.
Eg må ta det vonde med det gode, og ikkje gløyma kor takksam eg er for det året eg har hatt, der eg fyrst og fremst kunne vera meg og ikkje berre sjukdommen min.