Utdanning

«Det er vanskeleg å førestille seg framtida når ein berre er 16»

Yrkesfag treng ikkje vere avgrensande, skriv Clara Indine Husabø (16).

Clara Indine Husabø (16)
Elev ved Drømtorp videregående skole, praksiselev hjå Framtida.no
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Yrkesfag kan verke veldig avgrensande, som om du hoggar dei neste ti åra av livet i stein. Det treng ikkje vere sånn.

Som ein ungdom med lite fritid er det vanskeleg å få seg jobb. Eg som veldig mange andre vil tene pengar og gå ut i jobb så fort som mogleg, men likevel vil eg ikkje kaste bort moglegheita for vidare utdanning.

Eg går IM (informasjonsteknologi og medieproduksjon) på Drømtorp videregående skole. Her går eg i 1. klasse, som har både IT og media på ei linje. No har vi akkurat søkt på vg2, og eg har søkt media. Kvar tysdag heile dagen har vi yrkesfagleg fordjuping, som betyr at vi kan gå ut i praksis og jobbe gratis i eit firma relatert til IT og/eller media. Vi kan også vere på skulen og jobbe med sjølvvalde oppgåver.

Dette gjer at vi får både jobberfaring, og noko å skrive på jobbsøknader vidare i livet.

quote-left

Viss du er like skulelei som meg, vil eg seie yrkesfag er midt i blinken

quote-right

Mange føler press

Det er vanskeleg å førestille seg framtida når ein berre er 16, og eg trur det gjeld dei fleste. Sjølv om eg veit at eg ikkje treng å planlegge heile livet mitt no, er det vanskeleg å la vere. Mange føler allereie i min alder press på at dei må finne ut av kva dei skal drive med resten av livet.

Vi veit at dei fleste endrar yrke og/eller skuleveg opptil fleire gonger i løpet av livet, men det hadde jo vore deilig å velje rett no. Det er viktig å hugse at vi har mange vegar å velje mellom sjølv om du har valt ein meir avgrensa skuleveg som IM.

Etter nesten eitt år med IM, har eg vore på forskjellige jobbar som praksiselev. På dei ulike jobbane har eg lært og gjort mykje rart, som: fotografi, html/css, vore med på møte, klipt og limt, laga kaffi, rydda, skrive innlegg og dekt på bord.

Poenget mitt er at ved å gå yrkesfag har eg lært masse og fått mykje jobberfaring som eg elles ikkje ville fått med ein travel kvardag som ikkje tillèt jobb i tillegg.

Jente sit på ein pukt med pc.
Clara Indine Husabø i praksis hjå Framtida.no. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
quote-left

Mange føler allereie i min alder press på at dei må finne ut av kva dei skal drive med resten av livet.

quote-right

Viktig jobberfaring

Det er mange i min alder som har sommarjobb eller helgejobb, og dessutan etter-skulen-jobb. Det har eg ikkje tid til. Sommaren min er pakka av leirar og feriar, etter-skulen-tida er fylt med fritidsaktivitetar, og mesteparten av helger går til danseførestillingar og speidarturar. Det er ikkje mykje tid til ein ekstrajobb utan å måtte kutte ut moroa (og kva skal ein med ungdomstida viss det ikkje er å ha det gøy?). Utan praksis hadde eg ikkje vore i nærleiken av på lik linje med resten når vi skal søke jobb.

Sjølv om eg går yrkesfag kan eg framleis bli (nesten) kva eg vil. Ved å ta påbygg etter 2. år på VGS får eg generell studiekompetanse. Med det kan eg ta høgare utdanning i dei fleste yrke. Eg får jobberfaring som kan skrivast på jobbsøknader i framtida, eg kan velje å gå ut i lære etter berre 2 år, og eg kan velje vidare utdanning. Ja, moglegheitene er færre, men viss du er like skulelei som meg, vil eg seie yrkesfag er midt i blinken.

Rom frå innspelinga til Kongen befaler.
Bilete frå innspelinga av «Kongen befaler», der Clara Indine Husabø har vore i praksis. Foto: Clara Indine Husabø