Netflix feirar 25 år – her er dei mest sette seriane
14. april 1998 lanserte Netflix dei første nettsidene sine med videoutleige. Men visste du at den første Netflix-produksjonen var norsk?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
14. april 1998 lanserte Netflix ei nettside med 925 dvd-ar som publikum kunne leige via posten for 50 cent per stykk.
Den aller første filmen som vart leigd ut var skrekkfilmen «Beetlejuice» med «Stranger Things»-stjerna Winona Ryder i ei av rollene, ifølgje Netflix.
Den norske serien «Lilyhammer» vart i 2012 Netflix sin aller første produksjon, og sidan den gong har det vorte mange fleire.
I 2022 hadde straumegiganten heile 655 millionar brukarar over heile verda. No ventar fleire i spenning på endringane der Netflix vil gjera det vanskelegare å dela innlogging med vener og kjente.
Her er ei oversikt over dei mest sette Netflix-seriane gjennom tidene:
Squid Game (2021) – sesong 1
Overlevingsdramaet «Squid Game» skapt av Hwang Dong-hyuk tok verda med storm i 2021. Den sørkoreanske Netflix-suksessen er sett 1,65 milliardar timar på verdsbasis. Ikkje overraskande har dei dødelege barneleikane inspirert ein ekte reality-konkurranse, som skal ha vore tøff for deltakarane.
Stranger Things (2022) – sesong 4
Fjerde sesongen av Netflix-suksessen «Stranger Things» vart sett heile 1,35 milliardar timar på Netflix. Serien sin 80-talsnostalgi set hendingane til ei tid med kald krig med sovjetiske skurkar.
Den fjerde «Stranger Things»-sesongen kom ut etter Netflix trekte seg ut av Russland grunna krigen, men russarane lét likevel til å finne måtar å sjå serien på.
Wednesday (2022)
Hovudrolleinnehavar Jenny Ortega tok verda med storm med si tolking av Wednesday Addams i «Wednesday». Regissør Tim Burton sin serie tek utgangspunkt i dottera i den eksentriske Addams-familien, som flyttar på internatskule og blir møtt med både mordgåter og tenåringsutfordringar.
Serien er sett 1,24 milliardar timar på Netflix
Dahmer: Monster: The Jeffrey Dahmer Story (2022)
Netflix-serien om den amerikanske seriemordaren Jeffrey Dahmer har fått kritikk av pårørande til offera, men har vorte ein stor sjåarsuksess.
«Dahmer: Monster: The Jeffrey Dahmer Story» er sett kring 860 millionar timar.
Papirhuset (2021) – del 5
Den spanske spenningsserien «Casa de Papel» av Álex Pina har gått i fem sesongar og fenga stadig fleire sjåarar over heile verda.
Del fem av serien er sett 790 millionar timar.
Bridgerton (2022) – sesong 2
Det kreative periodedramaet «Bridgerton» har fenga med si fargerike framstilling av drama, kjærleik og intrigar i overklassen. Serien er basert på bøkene til amerikanske Julia Quinn. Andre sesong dreier seg om kjærleikslivet til Anthony Bridgerton, og er sett 660 millionar timar.
Bridgerton (2020) – sesong 1
Første sesong av «Bridgerton» vart sett 630 millionar timar. Fans av serien kan gle seg til både sesong tre og fire, og dessutan ein eigen spin-off-serie om dronninga «Queen Charlotte: A Bridgerton Story».
Papirhuset (2020) – del 4
Del fire av den spanske TV-serien som vart plukka opp av Netflix etter å ha gått på ein spansk TV-kanal er sett 620 millionar timar.
I utgangspunktet var «Casa de Papel» ein spansk miniserie med timeslange episodar, men Netflix valde å dela serien opp i kortare episodar og spela inn fleire sesongar.
Stranger Things (2019) – sesong 3
Tredje sesongen av Netflix-serien «Stranger Things» er sett 580 millionar timar. Vennegjengen må igjen takla skumle vesen frå ei anna verd og merkar at relasjonar og dynamikk endrar seg i takt med at dei blir eldre.
Lucifer (2021) – sesong 5
I Netflix-serien «Lucifer» har djevelen sjølv kome til jorda for å driva nattklubb i Los Angeles, der han blir kjent med drapsetterforskar Chloe Decker.
Femte sesongen av serien er sett 570 millionar timar.