Norske «Troll» trollbind sjåarane – set ny Netflix-rekord

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hadde aldri trudd at vår norske troll-film skulle nå så breitt ut over heile verda. Det er heilt fantastisk, seier regissør Roar Uthaug i ei pressemelding, ifølgje 730.no.

Netflix opplyser i strøymestatistikken sin at den norske filmen «Troll» var den mest sette ikkje-engelskspråklege filmen på plattforma den siste veka. Filmen er blitt strøyma 75,86 millionar timar, noko som er ny rekord for ein ikkje-engelskspråkleg film på Netflix i løpet av ei veke.

Filmen hadde premiere på Netflix torsdag 1. desember.

Gode tal

Til samanlikning hadde den mest sette engelskspråklege filmen «The Noel Diary» blitt strøymd 27,63 millionar timar.

Troll gjekk òg inn på ein 8.-plass over dei mest populære filmane, ifølgje Netflix.

Ifølgje Flixpatrol var Troll den mest sette filmen på Netflix i 87 av 89 land helga etter premieren, skriv Dagsavisen.

– Ingen norsk film har nokosinne vore nummer éin i heile verda på Netflix. I heile verda sit folk no og ser ein film om eit norsk troll. Det er heilt utruleg, kommenterte produsentane Espen Horn og Kristian Strand Sinkerud til avisa då.

Filmen ligg framleis som nummer éin på topplista til Netflix, reknar Flixpatrol.

Kreativ marknadsføring

I filmen «Troll» vekkjer sprenging på Dovre noko til live inne i fjellet. Tittelen på filmen avslører greitt kva det dreier seg om. For å stoppe trollet frå å skape dødeleg kaos, blir paleontologen Nora Tidemann henta inn.

Filmen sine marknadsføringsstunt har nådd TikTok. Ein gul pickup med ein gigantisk hovudskalle har køyrt rundt i gatene i Oslo. Det viser til ei sentral scene i filmen. I tillegg låg ein bil smadra av ein trollfot på Jernbanetorget.

@magnuswaaler

Helt vanlig dag i Oslo #troll

♬ Miss You – Oliver Tree & Robin Schulz


Foto: Dune: SF Studios / Warner Bros. // The Batman: Warner Bros. / SF Studios // James Bonde: SF Studios / MGM // Blonde: Netflix // Spencer: Ymer Media AS // kollasj Framtida.no