Owen Cooper er årets yngste vinnar av Golden Globe

16-åringen er tidenes yngste vinnar i kategorien beste birolle i miniserie eller tv-film for si rolle i Netflix-serien Adolescence.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Søndag var internasjonale film- og TV-stjerner samla for den 83. Golden Globe-utdelinga. Prisane vert rekna som dei gjævaste i bransjen, etter Oscar-utdelinga.

– Det følast ikkje verkeleg i det heile, sa Owen Cooper under talen.

Debutrolle

Den britiske 16-åringen fekk prisen for beste mannlege birolle i ein miniserie eller tv-film for sin innsats i Netflix-produksjonen Adolescence. Han har òg fått både Emmy-pris og Critics Choice Awards for si debutrolle.

Med det er Owen Cooper den yngste Golden Globe-vinnaren i kategorien beste mannlege birolle i miniserie eller tv-film.

Han er likevel ikkje den yngste Golden Globe-vinnaren gjennom tidene. Tidlegare har Ricky Schroeder som på dåverande tidspunkt var 9 år og Tatum O’Neal som var 10 år under tildelinga fått prisen i kategorien Årets nye stjerne, som ikkje lenger vert delt ut.

Liverpool-hyllest

Cooper byrja å ta dramatimar nokre år før han som 14-åring fekk si første rolle i tv-serien Adolescence.

– Eg tenkte eg kjem kanskje til å vera OK, eg kjem kanskje til å vera forferdeleg. Eg tok ein sjanse og starta med dramatimar. Eg var den einaste guten der, og det var flautt, men eg kom meg gjennom det, fortalde Cooper til latter og applaus frå salen.

Han avslutta talen med å seia «You’ll never walk alone», ein referanse til favorittfotballaget Liverpool F.C.