Støre innrømmer pågåande menneskerettsbrot på Fosen

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) innrømmer pågåande menneskerettsbrot på Fosen. Det sa han etter eit frukostmøte med reindriftsutøvarar frå Fosen fredag.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fosen-aksjonistane protesterer mot at det no har gått over 500 dagar sidan Høgsterett fastslo at 151 vindturbinar på Fosenhalvøya i Trøndelag er ulovlege utan mildnande tiltak. Fredag hadde statsministeren invitert reindriftsutøvarar frå Fosen.

Etter møtet bad Støre om å bli trudd på at regjeringa har jobba med dommen sidan han kom – og at dei har jobba med å sørgje for at folkerettsforpliktingane blir etterfølgde.

– Det som er situasjonen i dag er at det blir dei ikkje. Det er eit brot på menneskerettane og det kan vi ikkje leve med, sa statsministeren.

Ein Fosen-aktivist held ein plakat under demonstrasjonen framføre Kultur- og likestillingsdepartementet torsdag 2. mars. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Han seier dommen, slik han er gitt frå Høgsterett, slår fast at konsesjonen – slik han er gitt – krenkjer dei rettane som samane har etter dei konvensjonane som skal følgjast og at det er eit brot på menneskerettane.

– Dommen seier også at ein må vurdere mildnande tiltak for å ikkje vere i ein slik situasjon. Og det er det vi må ha full merksemd på. Eg har sagt at eg ser ikkje bort frå nokre tiltak i den samanhengen.

– Det må vi gjere på ein sånn måte der prosessen og det arbeidet blir forstått og akseptert av dei som er direkte ramma, seier Støre.

Retting: I ein tidlegare versjon av saka stod det «konsesjonane som skal følgjast». Det er retta til «konvensjonane». 


Peter Alvsvåg

Peter Alvsvåg. Foto: Matilde Solsvik/Universitas